Slik skriv vi i Bygland kommune

Bygland kommune skal kommunisere på ein open og tydeleg måte. Mange skal forstå og ta stilling til det vi formidlar. Då må vi skrive på ein måte som alle forstå. Vi må bruke eit språk som er tydeleg og tilpassa mottakaren. I tillegg må vi ordne informasjonen på ein måte som gjer det enklare å lese og oppfatte bodskapen vår.

Ved å skrive enklare og tydelegare vil du spare mottakaren, kommunen og deg sjølv for tid, pengar og frustrasjon.

I korte trekk: Set deg inn i mottakaren sin situasjon. Bruk vanlege ord. Skriv korte setningar

Enkelt å forstå

Denne nettsida er ein språkprofil.

Målet med språkprofilen er å gjere det enklare for deg å skrive rett, enkelt og godt, slik at mottakarane forstår kva du meiner med det du skriv.

Språkprofilen er ikkje ein fasit, men eit verktøy som skal gjere det enklare for deg å skrive godt.

Klart språk

Vi skriv nynorsk i Bygland kommune. Det betyr at alt du sender frå deg eller presenterer som tilsett i Bygland kommune skal vere på nynorsk.