RV. 9 Frøysnes - Varsel om utviding av planområde - tilleggskunngjering planId 202301Statens vegvesen (SVV) varsler i medhald av plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-8 omutviding av plangrensa for pågåande arbeider med detaljreguleringsplanen for rv. 9 ved Frøysnes, Bygland kommune.Utvidinga er vist med raud linje i kartskisse. Plangrensa utvidast i sør med ca 300 meter. Bakgrunn for utviding av plangrense er tilrettelegging for mjukt sideterreng og vurdering av rassikring ved «Staven». Det er eit lite overlapp med reguleringsplanen for Rv9 Skomedal (plan id – 4220_201202) for å tilpasse horisontalgeometri. Merknader til planarbeidet sendast skriftleg til Statens vegvesen, postboks 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer, eller per e-post til firmapost@vegvesen.no innan 05.07.2024. Merk innspel med «Rv. 9 Frøysnes, reguleringsplan, tilleggskunngjering».Kunngjeringsdokumenta (brev og kart mv) kan òg sjåast på www.vegvesen.no/vegprosjekter/hoeringer-vegprosjekter/ Spørsmål om planarbeidet kan rettast til planleggingsleiar Jon Olav Upsal på telefon 924 42 753 eller e-post jon.olav.upsal@vegvesen.no.Prosjektet har eigen heimeside: https://www.vegvesen.no/vegprosjekter/riksveg/rv9froysnes/DokumentVarsel om tilleggskunngjering 14.06.24 (DOCX, 20 kB)Rv.9 Frøysnes - kunngjeringskart, tilleggskunngjering pr. 14.06.24 (PDF, 5 MB) Publisert 25.06.2024 09:57 Sist endra 25.06.2024 10:21