No kan du kjøpe det Gamle heradshuset for 1 krone!

Bygland kommunestyre har vedteke å selje det Gamle heradshuset i Bygland sentrum for kr. 1.-

Kommunen ser føre seg at dette kan vere eit interessant objekt for private aktørar som ønskjer å skape ny aktivitet Bygland.  

Følgjande vilkår er sett for sal av eigedomen:

  1. Det Gamle heradshuset blir lagt ut for sal for kr. 1.
  2. Potensielle kjøparar må legge fram eit forretningskonsept som viser korleis kjøpar planlegg å utvikle eigedomen.
  3. Kjøpar pliktar å sette i gong utvikling av eigedomen innan seinast 3 år etter at kjøpekontrakta er underskriven. Om ikkje, kan Bygland kommune kjøpe eigedomen tilbake for salspris.
  4. Dei innkomne søknadane vil bli lagt fram for kommunestyret til avgjerd i kommunestyret 19 juni 2024.

 

Over eigedomen, gnr 47, bnr 37, går det veg til Bygland barnehage. Eigedomen grensar også til barnehagen, gnr 47, bnr 50 samt gnr 47, bnr 126 og gnr 47, bnr 81. 

Ved sal må ein sjå på disponeringar som veg/vegrettar, grenser, parkering, snørydding, avfallshandtering ol. Tilbydar bør komme med forslag på korleis ein ser føre seg å løyse arealutfordringane. Bygland kommune, som eigar av naboeigedomane, vil kunne vurdere moglege/hensiktsmessige endringar på dagens eigedomsgrenser for å få ei god utnytting av tomta til bygget.  

Med forretningskonsept tenkjer ein på korleis ein ser for seg  å utvikle eigendomen, kva husa kan brukast til og korleis kan ny bruk kan bli tilpassa dagens struktur. Kva endringar må til i arealformåla og kva verksemd høver? Vedlagt forretningsplan kan brukast.

Det blir lagt til rette for at interesserte kan kome på synfaring inne i bygget, torsdag 21 mars kl. 15.00 – 18.00.

Her finn du mal for forretningsplan (DOCX, 26 kB)

Her finn du teikningar over bygget (PDF, 913 kB)

Frist for innlevering av søknad søndag 5. mai kl. 23.59. Send søknad til: post@bygland.kommune.no