Høyring: Plan for friluftslivet sine ferdselsårer

Friluftsliv har med tida blitt Noreg sin mest utbreidde fritidsaktivitet. Bygland har svært gode føresetnader for dette. Kanalisert omsynsfull ferdsel er nøkkelen til eit framtidig vellykka friluftsliv. Eit godt planlagt og praktisert sti-, løype og turvegnett vil kunne ta omsyn til ulike friluftsinteresser, næringsinteresser og naturvernomsyn.

Vi fekk inn 60 forslag til nye trasear frå innbyggjarane, og har hatt god dialog med både grunneigarar, velforeining, turistforeining og regionale mynde i planprosessen.

Kommunen ønskjer synspunkt på det framlagte planutkastet for friluftslivet sine ferdselsårer innan 28. mai 2024.

Merknadar og innspel kan bli sendt via:

  • E-post til post@bygland.kommune.no 
  • Post:  Bygland kommune, Sentrum 18, 4745 Bygland
  • Elektronisk skjema: Høyringsuttale (Ver klar over at dette er eit standardskjema, og at alle spørsmål difor ikkje er relevante.


Saksreferanse: 19/372

Kart

Kart over traséane som ligg i planforslaget: https://kommunekart.com/klient/setesdal/bygland_turkart_hoyring

Dokument til saka: 

Plan for friluftslivet sine ferdselsårer - høyringsdokument (PDF, 6 MB)

Temaplankart friluftslivet sine ferdselsårer (PDF, 3 MB)

Grovsiling av eksterne innspel (PDF, 220 kB)

Saksprotokoll etter politisk behandling (PDF, 161 kB)