Næringsutvikling i Bygland
Bygland kommune satsar offensivt på næringsutvikling for å legge til rette for bedriftsetableringar og vekst av arbeidsplassar. Arbeidsplassar er av svært viktig for utviklinga av kommunen som ein god plass å bu og for all velferd.
Blå og grønn næringsutvikling er eit satsingsområde i Bygland
Bygland kommune som omstillingskommune
Omstillingsprogrammet er ein ekstraordinær innsats for kommunar og regionar der det lokale næringslivet har forvitra og der mange arbeidsplassar har gått tapt.
Bygland kommune har kome med i programmet, og mykje vil skje på desse sidene som vil gjelde næringsutvikling.
Vi ser for oss at arbeidet med omstilling startar i løpet av dei første månadane i 2024.
Følg med, dette blir spanande!
Aktørar innan næringsutvikling:
Bygland næringslag
Pågang næringshage
SIPR er ein interkommunalt samarbeid mellom kommunane Evje og Hornnes, Bygland, Valle, bykle og Åseral. SIPR har som formål å utvikle Setesdalsregionen. Hovudmålet er levande inkluderande lokalsamfunn i ein vekst- og berekraftig region.
Lenke til SIPR
Her kan du sende inn søknadar på støtteordningar som er utlyste på Refionalforvaltning.no. Aktuelle ordningar finn du i menyen på sidene, eller under Støtteordningar i toppmenyen på sidene.
Du må registrere deg på sidene.
Lenke til Regionalforvaltning.no
Publisert 14.07.2023 11:00
Sist endra 06.08.2025 11:23