-Vi er ikkje berre framtida – vi er her og no

Volleyballtrening, leiing av Ungdomsrådet i Bygland, skulearbeid, henge med venner – 15 år gamle Gunnar Øvergård Dahle har nok å henge fingrane i. Tenåringen diggar livet rundt Byglandsfjorden!

-Målet til Ungdomsrådet er å aktivisere ungdommen her i kommunen, sler Gunnar fast. Han er leiar av rådet, som har sju medlemmar og to vararepresentantar.

-Det er sosialt og kjekt å sitte i Ungdomsrådet! Vi møtast ein gong i månaden; vi tek opp ulike problem som gjeld ungdommar her, og drøftar, prøvar å finne løysingar og kjem med forslag. No sist har vi sett i gong ein prosess med å lage ny basketballbane til skulen, til dømes.

Ungdom som jobbar for levande bygder

15-åringen frå Byglandsfjord er oppteken av levande lokalsamfunn. Det må vere driv og tiltak i bygdene som er retta spesifikt mot ungdommen, fortel han. Og ei fotballbane er ikkje nok, dersom nokon lurte på det.

-Det aller viktigast for oss unge i Bygland er å ha fleire fritidsmoglegheiter. Mange tenker jo fort på fotball og handball, og det er viktige arenaer. Men vi må også ha noko for dei som er interesserte i andre ting. Og det har vi. Det siste nye er at det skal byggast endurobane i Bygland, det blir kjekt!

Bygland har både ungdomsklubb, innebandy, svømmebasseng, styrkerom, spinning, skaterampe, korps, kulturskule, sandvolleyballbane, lysløyper, leirduebane og fritidsklubb i regi av Fredheim bedehus. Der er også BUA, der ungdom kan låne alt ein kan tenke seg av sportutstyr til trening og moro – til lands og til vanns. Heilt gratis.

Og fotball- og handballbaner, sjølvsagt.  

-For min del går det i volleyball, fortel Gunnar. Han skal på trening om litt og er klar for serve, blokk og smash.

-Kvar vinter har vi ei volleyballturnering med nabokommunen Evje. Det er høgdepunktet, kan du seie. Dei er jo mange fleire, men vi brukar å få inn nokre gode sigrar – som i fjor. Dei må jo knusast, ler tiandeklassingen.

Naturleg ungdomsgnist

Ikkje alt er organisert for dei unge i Bygland, langt derifrå. Gunnar, som har reist ein del, er ikkje blind for omgjevnadane han bur i.

-Eg syns Bygland er ein fantastisk plass å bu. På sommaren, når vi ser utover det speilblanke vatnet og Bjoren tøffar forbi… Naturen her er unik, det vil eg absolutt seie. Og det seier mange andre også, til dømes folk som kjem og held foredrag på skulen. Då høyrer vi at det første dei la merke til her er den fantastiske naturen. Så eg meiner det er få plassar som mathcar Bygland der, seier Gunnar.

Sjølv er han ikkje ukjent med fjelltoppane rundt Byglandsfjorden. Ungdommen fortel om fjellturar med gutane i klassa, der toppar vart nådde med godt humør.

-Det er nydeleg å kunne stå der og sjå heile Bygland, med raud solnedgong og det heile, seier han.

Privat

-Og eg ser heile tida folk som brukar naturen, går på tur og er utandørs. Det er slik eg ser på livet i Bygland. Det er aktivt, og eg syns folk her er ganske «på». Det er dei på fleire måtar; når det skjer ting og arrangement, så stiller bygdefolket opp i stor skala.

Så godt trivast Gunnar i Bygland at han ikkje er framand for tanken om bu her som vaksen.

-Eg har faktisk aldri vore nokon stor fan av byen. Så det er god sjanse for at eg kjem tilbake til Bygland etter utdanninga, fortel han.

Men først står vidaregåande for tur. Og etter det blir det kanskje lærar av den oppegåande ungdommen.

-Ja, eg vil kanskje bli lærar. Eg likar å vidareformidle kunnskap. Den kjensla av å klare å hjelpe nokon som slit med å forstå eitt eller anna. Det er unikt for meg. Då veit du at du har fått det til, seier han med eit smil.

Men aller først – volleyballtrening. Og som Gunnar sjølv seier det:

-Vi er ikkje berre framtida til Bygland. Vi er her og no.