Aldri vore så enkelt å jobbe og bu her som no

Berit Haugetvet er ikkje i tvil. Digitaliseringa og det vi lærte av pandemien har åpna nye dører for dei som vil jobbe og bu i Bygland. Den pensjonerte læraren og rådgjevaren trur kombinasjonen med digitalt arbeid og ei fritid tett på naturen kan vere ei vinnarkopling for mange. 

Utviklinga har skjedd i ein rasande fart, og på mange små og store område. Berit har budd i Bygland kommune sidan 1976, og sett det på nært hald.

-Det er i skule og jobb, men eigentleg overalt. Ta berre eit døme som bygdekinoen. Digitaliseringa gjorde til at vi no får akkurat dei same ferske filmane som i byane. Før måtte ein jo ofte vente lenge på dei store filmane, det er det slutt på, seier Berit.

Moglegheiter både digitalt og naturleg

-Det er klart, dersom du sit og saknar storbykafeane, så er kanskje ikkje dette plassen. Men for dei fleste av oss så har livet flest kvardagar. Med jobb, ofte familie, born, middagslaging og fritidsaktivitetar. Slik er det jo nesten uansett kor du bur. Og om du i tillegg likar å nytte deg av naturen, så har vi jo alt her. Frå høgfjell til fjord. Eg synest til dømes det er fantastisk å gå ski på fjellet utpå vårparten, og så kjem du ned i dalen til 20 varmegrader.

Berit Haugetveit

Ein plass å engasjere seg i

Berit bur i Åraksbø og har tre born og fire borneborn. Alle arvingane har returnert til Bygland som vaksne og etablert seg her. Det er sjølvsagt Berit glad for. Bygland er heime, og Berit er på fornamn med dei fleste.

-Eg meiner det er ein veldig god stad å vekse opp, med gode skular og barnehagar. Det er trygt og godt for ungar å bu her. Og så vil eg seie at dette er ein god kommune for personleg vekst, rett og slett. Det er så mykje lærdom å få her, og så mange flotte utfordringar å ta - dersom ein vil engasjere seg, vel og merke. Kjem du flyttande hit, så blir du fort spurt om eitt eller anna og kjem i kontakt med folk. 

Det er mange flotte og ressurssterke folk her. Og det er mykje å vere med på for dei som vil det, fortel Berit.

-Det er berre å lese Byglandsnytt, som kjem ut i regi av kommunen, så får du god oversikt over det meste, ler ho.

Kjensla av å høyre til ein plass er viktig for Berit.

-Eg er jo opprinneleg frå Fredrikstad, men eg er utruleg glad i Setesdalkulturen.  For meg er det viktig at vi held på og hegnar om kulturen her og kjenner på stoltheit av å vere ein del av den. Det å skape identitet og kjenne på at her er eg heime, det er viktig.

Samhaldet i Åraksbø er trygt og godt, fortel Berit.

- Vi kjenner kvarandre og bryr oss om kvarandre. Her i bygda sit ingen aleine på julafta, for å seie det slik.
 

Tekst: Marion Solheim