Bygland-Beatles vart tunga på vektskåla

Det var herlege tonar og rocka rytmer i Bygland som gjorde Hege Kristine Jore Gakkestad sikker. Her ville ho bu. Og no er ho sjølv ein viktig del av den musikalske moroa i kommunen. 

Marit Vegusdal

-Kong Hanes Efterfølgere heiter koret her, og før eg flytta så var eg på ein konsert med dei – ei Beatles-førestilling, fortel Hege Kristine entusiastisk.

-Dei var så dyktige! Eg såg kor kjekt dei hadde det på scena, og då kjente eg at «ok, eg kan flytte til Bygland». Og at eg skulle byrje i dette koret, så fekk eg ta resten seinare. Og nett slik vart det, ler ho.

Tok over gard på Byglandsfjord

Hege Kristine og familien hadde planlagt å flytte til Byglandsfjord for å ta over familiegarden. Dei tok steget og angra ikkje. Det energiske musikkmiljøet i kommunen gjorde overgangen endå betre.

-Det vart akkurat det eg håpa på. Og det å vite at eg skulle bli ein del av denne gjengen, gjorde det faktisk ekstra trygt og godt å flytte frå Valle til Byglandsfjord, seier Hege Kristine.

Ho har alltid vore glad i musikk og hatt det som ein stor del av livet. Frå barnsbein til musikklinja på vidaregåande skule – musikken var alltid med. Og ikkje nok med det – lattermusklane får også trimma seg. For dei har mykje moro i revygruppa Bygland Dramatiske Celskab – og dei delar raust på det gode humøret.

-Det er eit fantastisk miljø, med folk i alle aldrar, fortel Hege Kristine.

Eit trygt lokalsamfunn

-Dette med musikk, revy og kultur… Det er jo slik at når ein høyrer at «alle kjenner alle», så vil enkelte vinkle det negativt. Men for min eigen del kjenner eg at det er veldig trygt og godt å bu på ein plass der du verkeleg kan gjere ein skilnad. Det er så enkelt å komme med nye idear her; det er så lett å bli ein ressursperson. Eg oppfattar folk som veldig opne, og at det er mogleg å forme mykje sjølv.  Her kan ein starte opp det det finns interesse for. Det er ein del av kulturen her, vil eg seie.

Hege Kristine, mannen Gunnar og dei tre borna flytta til Byglandsfjord og starta som lærarar begge to. Dog ikkje på same skule. Hege Kristine jobbar ved Bygland skule som kontaktlærar for dei minste. Ho er glad i jobben, ikkje minst fordi dei som jobbar ved skulen har tradisjon for å bruke naturen mykje. 
-Vi har noko som heiter temadagar ved Bygland skule kvar torsdag. Då jobbar vi med å vere ute, og ha fokus på ulike tema. Vi får av og til besøk av folk som kan vise oss noko, eller vi kan reise på gardsbesøk eller bedriftsbesøk. Det er ein av fordelane med å vere på ein plass der folk kjenner kvarandre. Det er liksom berre å spørre, seier Hege Kristine.
 

Dei finkorna skattane kring fjorden

Hege Kristine Jore Gakkestad

Naturen er også viktig på fritida for den aktive familien.

-Eg er glad i å vere ute og gå tur, både aleine og med familien. Og så vi bur jo på Byglandsfjord og her er det veldig fint. Og ofte varmt! Det er ikkje sjeldan at vi høyrer på nyhetane at «Byglandsfjord er varmast i landet». Det var eg ikkje klar over før eg flytta hit! Det er så herleg å kunne ta både morgonbad og kveldsbad rett nedanfor heimen. Og så er det mange flotte toppturar rundt om i kommunen!

Skjulte naturskattar oppdagast stadig. Og Hege Kristine har ein favoritt.

-Ein skjult skatt er jo kanskje vestsida av fjorden. Dei fleste bilane køyrer jo på andre sida. Så dersom  du tek en sykkeltur på vestsida på sommaren, så er det jo strand på strand på strand…  som ein kan ha heilt for seg sjølv, om ein vil det. Og vi snakkar sydenstrand, altså! Det er nesten så ein ikkje må seie det til nokon, ler ho.

-Neida, her i Bygland er det plass til mange fleire – og vi blir veldig glade for nye innbyggjarar her, avsluttar den musikalske læraren.