Stasjonsområdet - Moglegheitsstudie 2020

Bakgrunn

Formålet med prosjektet er å belyse mogelegheiter og potensiale som ligg i bygningane og i området. Mogelegheitsstudiet skal få fram korleis ein kan best leggje til rette for aktivitet, samstundes som ein tek vare på det autentiske stasjonsmiljøet og dei freda bygningane. Den beste form for bevaring er å ta bygningane i bruk. Stasjonsområdet ligg i nærmiljøet til mange av innbyggjarane på Byglandsfjord. Området har eit potensiale som møteplass og arena for aktivitetar som vil kome både fastbuande og turistar til gode. Det er ynskjeleg å vise fram det fine området, dei gamle stasjonsbygningane og historia som fylgjer jernbanen og Byglandsfjord.

Stasjonsområdet

Byglandsfjord stasjon er freda av di den er eit viktig døme på eit samferdselsanlegg frå slutten av 1900-talet. Målet med den store utbygginga av offentlege kommunikasjonar på denne tida var ikkje berre å syte for transport, men i minst like stor grad å byggje ein ny nasjon. Difor vart dei beste arkitektane sett i sving for å teikne stasjonar og det arkitektoniske uttrykket peika attende på stolte norske byggtradisjonar frå mellomalderen. Det vart etter kvart ein heil liten by rundt dette transportknutepunktet som batt saman toget sørover til Kristiansand, båten på Byglandsfjord og rutebilen nordover i Setesdal. I 1942 var det forretningar, verkstader, hotell og kaféar i den vesle bygdebyen.

Mogelegheitsstudien ser på utnytting av stasjonsområdet til det beste for området si historie, innbyggjarane og besøkjande. Det har vore ei brei involvering i prosjektet, både frå lokale innbyggjarar, næringsliv og turisme. Agder fylkeskommune har gjeve økonomisk støtte til prosjektet og har i tillegg bidrege med gode innspel undervegs i arbeidet og, ikkje minst, utarbeida den flotte hageplanen. Forslaga som har kome inn saman med arbeidsgruppa sine innspel, har vorte systematisert og vurdert. Det er viktig å huske på samlokalisering og fleirbruksprinsippet i eit slikt område med få fastbuande. Det viktigaste er at ein kjem i gang med noko, og vi har difor konsentrert oss om dei enkle grepa som kan gjerast med små middel. Det tyder ikkje at ein ikkje skal sjå vidare og ha større vyar.