Byglandslivet

I Bygland kan du jakte på kvardagslukka - og treffe innertiar så ofte du vil. Ein roleg tur langs fjorden med dei små? Eller hive seg utfor eit fly med fallskjerm? Ta ein kaffikopp med gode kollegaer eller jakte innbitt etter den nye storkontrakta? I Bygland treng du ikkje velge, her er det rom for fleire behov og interesser – og ikkje minst draumar.

Det gode livet langs Byglandsfjorden

Fjorden er hjartet i Byglandssamfunnet. Dovne bølger, sprellande ferskvassfisk og glitrande speglingar av bygdene rundt. Det er kring fjorden mykje skjer. Og det er langs Byglandsfjorden at Setesdalsvegen, riksveg 9, buktar seg fram. 
 

Dersom fjorden er hjartet i Bygland, så er Setedalsvegen hovudpulsåra. 
 

Startar vi lengst nord i kommunen, finn vi bygda Ose. Ei lita perle; sjarmerande og med turistheim, kafè og matbutikk. Og ei mektig storstoge, bygd i 1650-åra. Det er ikkje mange som bur her, men det står ikkje i vegen for entusiasme og moro. Ose er reine festivalbygda, med matmarknad, countryfestival, maskerade og blueslaurdag. Rett som det er skjer det arrangement i Ose, og folk strøymer til - både frå nært og fjernt. 
Sørover passerar vi eit ynda fotoobjekt, Reiårsfossen, med eit fall på kring 200 meter. Reint og klart vatn er ein raud tråd i Bygland. Langs vassdraget Åraksfjorden ligg små og større grender som perler på snor; Åraksbø, Sandnes, Skåmedal og Frøysnes.  

Store planar i Bygland

Langt der borte ligg Åraksbø og speglar seg i vatnet. Marion Solheim

Vi kjem snart til administrasjonssenteret i kommunen, med det treffande namnet Bygland. Her finn du kommunale tenester som NAV, tannlege, bibliotek, alders- og sjukeheim, samt legekontor og tannlege. Ikkje alt er ope alltid – men med litt planlegging har du det meste i nærleiken.

Eit steinkast frå kommunehuset ligg Presteneset. Eit flott sandstrand og ei brygge er dagens blikkfang, men her er det planer på gang. Planer som skal komme noverande og kommande innbyggjarar til gode. 
 

-Stikkorda er nye bygg som tek vare på lokal byggeskikk, bevaringsverdig bygningsmiljø og historiske stader, fortel kommunedirektør i Bygland, John Salve Sigridnes. 
 

-Det skal vere bygg å bu i, samt næringsbygg. Vi ser også på kva urbane kvaliteter folk saknar i området. Kort sagt skal dette bli ein flott plass med gode offentlege uterom og møteplassar, avsluttar John med eit smil. 
 

Og så skadar det ikkje med den flotte sandstranda like ved.

Slik er det tenkt at Presteneset skal bli.


 

Kommunesenteret har både butikk, barnehage og barne- og ungdomsskule. Og like ovanfor oppvekstsenteret i Bygland finn vi den vidaregåande skulen. KVS Bygland er ein privat vidaregåande internatskule, der ungdommane går byggfag eller naturbruk. Til stor glede for mange er det mange hestar på skulen. Dei får seg stadige lufteturar med ungdommar på ryggen. Men på stranda får dei ikkje lov å gå. 
 

Marion Solheim

 

Bygland sentrum er også staden du finn Bygland museum, eit friluftsmuseum med gamle gardsbygningar frå 1600-talet og framover. Og like ved, ein plass for dei som likar å lese Klassekampen, Morgenbladet og Dag og Tid - samt alle slags bøker, frå lokale forfattarar til klassikarane. Stoga er ein kombinert kulturkafé og turistinformasjon - og du kan ikkje snakke om Stoga utan å ta med Olav Grendstad. Han er primus motor for ei rekkje ting i Bygland, og Stoga er ein av dei.
 

Olav Grendstad. Foto: privat

-Eg flytta jo til Bygland for eit par år sidan, rett og slett på grunn av naturen. Fjorden, heiområda og fjella.. Det er jo slik her at når du vil gå på tur, så er det berre å gå rett ut av huset og ta kva slags helst veg, humrar han. 
 

Olav har engasjert seg på mange felt i kommunen, og seier det hadde vore god plass til fleire innflyttarar.  
-Det er så stort potensiale her, og moglegheiter til å finne på mange gøye, kreative og estetiske ting! Og så er det ein viktig sak. Vi må alle vere med å opne opp Bygland. Både for dei som vil flytte til oss og dei som vil besøke oss. Då blir det verkeleg bra, seier Olav. 
 

 

Eit enda mindre steinkast frå Stoga ligg Bjoren Brygge. Her er det Nina Bygland som styrer skuta; ho lagar god mat, og har både tradisjonsmat og annan type mat på menyen. Ho driv pub og arrangerer møter og konsertar. Det er bluesfestivalar, lokale musikarar og tributeband som spelar the Police og Sting-låtar så gåsehuda reiser seg.
 

-Eg kjenner meg heldig som får vere her, smiler Nina. 

God stemning på Bjoren brygge! Nina Bygland

Dagen er travel, med matlaging, varelevering og svoltne byglendingar som snart kjem innom. Men Nina tek det heile på strak arm. På menyen står det tradisjonskost som fårikål, komper, fersk kjøtsuppe og kjøtkaker, i tillegg serverer ho salat, gryterett og lasagne. Dette er ikkje plassen for tomme kaloriar, dette er det vi kallar skikkeleg mat. 
 

Nina på Bjoren brygge. Foto: privat

Brygga er ein samlingsplass på så mange måtar. Spesielt når det er sol.  Då likar Nina seg aller best. 
 

-Eg vil ha sol frå mai til september! Om sommaren er det ofte eit yrande folkeliv her, ikkje minst på uteområdet her. Dette er jo Setesdal sin riveria. Og når Bjoren ligg til kai, då er smykket på plass, fortel Nina. 
 

Uteområdet har god plass, og godt er det – ikkje minst under Gamaveka. Då har over 100 personar samlast kvar dag. Det sler likevel ikkje den gongen det var fleire jubilantar som feira, då fekk dei plass til 250 gjestar med stort og smått. 
 

-Men då var det ikkje plass til fleire, ler Nina. 
 

-Det er stort sett veldig hyggelege og godlunte folk her i området. Eg trur nykommarar kjenner seg velkomne i Bygland. Og det er plass nok til fleire, seier Nina og ser ned på fjorden. Der er ein familie på fire i gong med eit aldri så lite fotoshoot nede på stranda. 
 

-Det skjer heile tida. For ei stund sidan var det vikingar her med røykmaskin, pels og horn og heile greia for å ta bilder. Og to små veskehundar, men dei trur eg var fotografen sine, humrar Nina. Ho skjønnar godt at folk vil forevige omgjevnadane her. 
 

-Det er jo Byglandsfjorden. Det er smørauget vårt, seier Nina. 

Byglandsbarndom

Trass i at Bygland er ein kommune med få inngyggjarar, så er det mykje å gjere på for små og litt større. Ungdomsklubb, idrettslag og strandvolley, for å nemne noko,. Og så sjølvsagt det som mange likar aller best - fri leik i flott natur. Klatre i tre, sykle rundt med vennar, bygge ei hemmeleg hytte i skogen, lage sandslott på stranda eller bade i fjorden. Av og til er faktisk det enkle det beste.
 

Nok av boltreplass for dei små! Foto: Håvard Smeland

Det er to barnehagar i Bygland, på Byglandsfjord og i Bygland sentrum. Leik i naturen er ein viktig del av barnehagelivet, og borna får også lære om mat, matkultur og tradisjonsmusikk og dans frå Setesdal. 
 

 

Hege Kristine Jore Gakkestad. Foto: privat Hege Kristine J. Gakkestad

Det er også to skular dei same plassane. 
I Byglandsfjord har dei frå første til sjuande klasse, medan dei i Bygland har ungdomsskulen i tillegg. Rett ved denne skulen ligg Byglandshallen. Det er ein flott idrettshall med fullskala handballbane som elevane brukar aktivt i skuletida. Og like ved skulen i Byglandsfjord ligg Årdalshallen, ein stor fleirbrukshall som elevane får nyte godt av.
 

I skulekvardagen er det også fokus på natur og nærmiljø. Lærar ved Bygland skule, Hege Christine Jore Gakkestad, fortel at det er varierte og gode læremåtar i sving. 
 

Vi har noko som heiter temadagar på Bygland skule kvar torsdag. Då jobbar vi med å vere ute, og ha fokus på ulike tema. Vi får av og til besøk av folk som kan vise oss noko, eller vi kan reise på gardsbesøk eller bedriftsbesøk. Det er fordelen med å vere på ein plass der folk kjenner kvarandre. Det er liksom berre å spørre, seier ho.

Fredeleg kvardag og ekstremsport hand i hand

Tek ein turen sørover, så ligg der fleire grender. Lauvdal, som bær namnet sitt ekstra godt om hausten når trea blir til gull. Longerak, som har prisbeslønte epler. Grendi, med den kvitmåla, åttekanta kyrkja og dei flotte solforholda. Og så, heilt sør i kommunen, ligg tettstaden Byglandsfjord. Her er enden på Byglandsfjorden, og før i tida var dette eit viktig kommunikasjonsknutepunkt. Før var dette endestasjonen til Setedalsbana, og no står dei gamle stasjonsbygningane i dragestil der og er ein del av eit flott turområde. 

Byglandsfjord er også der dampbåten Bjoren startar ruta si. Bjorne er ein av få vedfyrte dampbåtar i Noreg. Den har tøffa opp og ned fjorden sidan 1867, og ein tur med Bjoren er god naturterapi. 

Bjoren i sitt rette element. Foto: Visit Setesdal Visit Setesdal

Å rusle rundt i Byglandsfjord er fredeleg. Vakre gamle hus og bugnande hagar. Sørlandsidyll i søkk og kav, og roleg puls. Som det er i mange av Byglandsgrendene. 

Men for dei som er på jakt etter eit adrenalinkick i ny og ne, så fins der høve i fleng. 

Kvart år arrangerast Gamaveka Extreme i Bygland, ein festival for dei som vågar seg 1000 meter over fjorden. Folk kjem hit for å fly med paraglider, hangglider og hoppe i fallskjerm. Ja, og så paramotoring! Det er paragliding med motor og propell på ryggen, der du kan ta av på flat mark. 

Upåklageleg utsikt over Bygland. Foto: Bygland luftsportklubb Bygland Luftsportklubb

Gamaveka er særs familievenleg. Alle kan bli med, gamle som unge. Også dei som sit i rullestol kan hoppe i fallskjerm under Gamaveka, det er moro og adrenalin nok til alle! 

 

For dei som likar seg best nede på landjorda eller ute på fjorden, så er det også lov å søke spenning. Ta båten på vatnet og test ut vannski, til dømes. Eller kanskje du heller vil til skogs og jakte? Moglegheitene er mange, om det er action eller sjelefred du vil ha. Eller ein kombinasjon.

Sigurd og Erica nyter ein pause i jakta Inge Olav Fjalestad

Næringsliv og moglegheit til å skape

I dag veit vi at ein oftare enn før kan jobbe frå kor som helst. Også frå Bygland. Her helsar ein nye krefter velkommen, og kommunen vil gjerne bidra til eit blomstrande næringsliv. Om det gjeld entrepenørar, arbeidstakarar som fjernjobbar frå heimekontor eller kontorfellesskap eller dei som har ei etablert bedrift. I mange høve kan Bygland kommune hjelpe. Her vil kommunen stimulere til nyetableringar og vidareutvikling av eksisterande verksemder.

Kommunen er ein del av Setesdal Interkommunalt politisk råd og har eit eige næringsfond som vert nytta til å fremje næringsutvikling i kommunen. Næringsfondet skal forgrinnsvis nyttast til næringsformål, som for eksempel bedriftsstøtte, tilrettelegging for næringsutvikling i regi av kommunen, samfunnsutvikling og ulike typar utviklingsarbeid. Om du har spørsmål omkring næringslivet eller treng hjelp er det ikkje vanskeleg å få eit møte med fagfolk i kommunen. 

 

Kokk Eliezer Ivan Mendez vann kokkekamp med bleke og spenstige krydder då kommunen og næringslivet baud bygdefolket til blekefest. Foto: Marion Solheim Marion Solheim

I kommunen er det fokus på samskaping.  

Å snakke saman og utveksle tankar og idear fungerer betre enn om alle sit på kvar si tue. Eit døme på det er samarbeidet mellom kommunale krefter og eit selskap som vil starte oppdrett av Byglandsfjorden sin juvel, fisken bleka. 

For å ta det kort - denne laksearten er unik i verdssamanheng og fins berre akkurat her. Ikkje nok med det, bleka har sprella rundt i krystallklare Byglandsfjorden siden istida, smakar vidunderleg i følge lokale kokkar og er som sagt den einaste av sitt slag. Dette er ein skatt som på sikt -og på ein særs bærekraftig måte- kan føre til nye arbeidsplassar og vekst i kommunen. Då er det fint at det offentlege og det private næringslivet spelar på same lag og får fram det beste i kvarandre. 

Setesdalskulturen - mange slags gullskattar

Kultur er viktig for mange. Setesdalskulturen er mangfoldig, spennande og ikkje minst feiande flott. Mange vil nok tenke på Setesdalbunadane, felespeling og folkedans. Og vi snakkar ikkje berre om at dei som bur i Setesdal tenker kulturen her er ekstra verdifull. Neida, kulturen her har som første norske bidrag klart å hamne på den prestisjefylte UNESCO-lista for immateriell kunst. Å hamne på verdsarvlista er eit gullstempel for kulturen, som har blitt overlevert generasjonar sidan 1700-talet. For i Setesdal, og Bygland, høyrer dans og musikk saman. Melodiane er kalla opp etter “gangar”-dans og “stev”-songar. Hardingfele og munnharpe er viktige instrument, og den dag i dag vert born og ungdom lært opp i både gangar og stev. 
 

Setesdal sin kulturarv er blitt verda sin kulturarv. 
 

Ungdommen svingar seg! Foto: Visit Setesdal Visit Setesdal

 

Også av stor historisk verdi kan gullfunnet frå 1833 nemnast. 

Dette er eineståande i sitt slag her til lands. Det vart oppdaga av nokre gjetargutar, og viste seg å vere 33 gullgjenstandar; smykker, betalingsringar og gullperler. Gullet stamma frå ei tid etter Romarriket fall, då det frå om lag 400 e. Kr.f. kom mykje gull nordover til dei germanske landa. 

Kanskje Bygland har skattar til deg også?

Om det er i form av gode skular, eit trygt nærmiljø, moglegheiter for å skape noko nytt, ei stille stund i naturen, ein istidlaks på kroken eller ei strand heilt for deg sjølv og dine - Bygland vil gjerne høyre frå deg og bli betre kjent. 
Velkommen til Bygland!


 Tekst: Marion Solheim