Val 2025 - Står du i manntalet?

Du må stå i manntalet for å røyste ved Stortingsvalget 2025. Manntalet er no lagt ut til offentleg ettersyn fram til valdagen 8. september. 

Val 2025 - Står du i manntalet?
Du må stå i manntalet for å røyste ved valet 8. september. Manntalet er no lagt ut til offentleg ettersyn fram til valdagen 8. september. 
I Bygland kommune er manntalet lagt ut til offentleg ettersyn på desse stadane:
Kommunehuset, Sentrum 18, 4745 Bygland

Kva er manntalet?
Manntalet er en oversikt over alle som har røysterett i ein kommune. Du vert registrert automatisk i manntalet i den kommunen du er folkeregistrert som busett 30. juni 2025. Dersom du flyttar etter 30. juni, har du røysterett i kommunen du flyttar frå. Du kan uansett førehandsrøyste i alle  kommunane i Norge, men på valdagen må du røyste i den kommunen du er manntalsført.
Dersom du meiner at du sjølv, eller nokon andre, urettmessig er ført opp eller utelat fra manntalet, kan du krevje at valstyret retter opp feilen. Kravet skal være skriftleg og grunngjeven. 
Adresse: Valstyret i Bygland kommune, Sentrum 18, 4745 Bygland. 

Sametingets manntal
Manntalet for sametingsvalet vert lagt ut til offentleg ettersyn på kommunehuset. Spursmål om dette manntalet må rettes til Sametinget på telefon 78 47 40 00 eller e-post samediggi@samediggi.no.