Kriteria for å søke er at du er ungdom under vidaregåande opplæring og folkeregistrert i Bygland, Valle eller Bykle. Knut og Gyro Hovdens Legat vart oppretta i 1972 med formålet å gje økonomisk støtte til skuleungdom i Bykle , Valle og Bygland. Dei siste åra har stiftinga hatt for lite avkastning til å gje ut stipend.
Runde av før nyttår
Ordførarane i kommunane, som har vore sett til å administrere stiftinga, har etter vedtak i kommunestyra vald å oppheve stiftinga og gje ut resterande kapital, (92.311 kr) til formålet. Årsaka til at ein no lyser ut midlar med så kort frist er at ein skal runde av ordninga innan nyttår. Søknadsfrist er 9. desember!
Søknadsskjema
KONTAKT:
Eivind Ilje Tveit
Politisk sekreteriat i Bykle kommune
e-post: eivind.ilje.tveit@bykle.kommune.no ; tlf.: +4747719307