Setesdal skal re-merkast som eit Berekraftig reisemål – og vi vil høyre di meining!
Reiselivet i Setesdal er i stadig utvikling, og no står vi ved eit viktig vegskilje: skal vi sikre at denne utviklinga skjer på ein måte som tek vare på både natur, kultur og lokalsamfunn?
Korleis opplever du reiselivet i Setesdal?
- Kva fungerer godt?
- Kva utfordringar ser du?
- Kva bør vi satse på framover for at reiselivet skal vere berekraftig – til det beste for både innbyggjarar og gjester?
Bruk nokre få minutt på å svare på undersøkinga og bidra til framtidas Setesdal. Di stemme er viktig – saman kan vi forme eit reiseliv som er levande, inkluderande og berekraftig.
Her kan du svare på under søkinga https://no.surveymonkey.com/r/LBHSYXT

Eller bruk denne QR-koden
Setesdal som Berekraftig reisemål
Publisert 11.11.2025 14:25
Sist endra 11.11.2025 14:47