Sendte du e-post til oss måndag 10.6?

I samband med at setesdalskommunane gjekk over frå Setesdal IKT til IKT Agder, kan det sjå ut som at det har oppstått eit problem med mottak av e-postar til post@bygland.kommune.no d. 10.6.24.

Vi har fått enkelte tilbakemeldingar om at det har blitt feil ved sending av e-postar til post@bygland.kommune.no. Dette medfører då at vi er usikre på om vi har fått alle e-postane som blei sendt til oss i går (måndag 10.6.).

Vi er klar over at enkelte har fått feilmelding og beskjed om at e-posten ikkje kan bli sendt, men vi er usikre på om det gjeld alle.

Om du sendte e-post til post@bygland.kommune.no måndag 10. juni, ber vi deg om å sende denne på nytt.