Rekrutteringsdag for dans og spel i soknehuset på Rysstad laurdag 19. oktober

Det blir ein innhaldsrik dag i soknehuset på Rysstad laurdag 19. oktober med rekrutteringsdag i dans og spel! Instruktørane Sigrid B. Berg og Åse Solbakk i Valle leikarring har sydd saman eit spennande program. Setesdal Spelemannslag ordnar med mat til alle deltakarane, og den kulturelle festdagen er støtta av Agder fylkeskommune.

 

Det er Valle kommune i samarbeid med Setesdal spelemannslag og med støtte frå Agder fylkeskommune som skipar til det som blir eit skikkeleg haraball av ein dag i soknehuset! Her skal det bli både kursing og rekruttering for dei fleste.

Leikarring

Først ut klokka 11 er leikarring med Åse Solbakk. Klokka 12.15 held Ingebjørg Bø og Sondre Rua Dokken hallingkurs. Med seg som spelemann har dei Daniel Sandén Warg. Klokka 13.30 er det gangarkurs med Sigrid B. Berg og KJell Nomeland. I denne bolken er det Eivind T. L. Knutsen som trakterer fela. 

Kunst

Klokka 14.30 er det Maija Lindaas sin tur. Kulturskulelæraren skal kurse og ikkje minst rekruttere innan kunst og handtverk. Det er sett opp matpause klokka 15.15. Då vankar det lapskaus med flatbraud og saft på alle. 

Bergekongen

Den som trur at dagen er over etter lapskausen må tru om att. Klokka 16 er elevar frå fordjupningtilbod i folkemusikk- og dans i Midt-Telemark klare i soknehuset. Dei kjem med stykket “Bergekongen”, ei framsyning mange bør ha mykje att av å få med seg. I gruppa er det 20 utøvarar, 10 av dei dansarar, så dette blir ei oppleving!