Open brannstasjon laurdag 20. september 2025

Sjå brannbilen, møt brannfolka og lær om branntryggleik.

Bjørnis held møteplass skilt Setesdal brannvesen IKS

 

Vi har følgjande brannstasjonar open for publikum

  • Bygland brannstasjon - Brannbamsen Bjørnis kjem kl 11:00.
  • Evje brannstasjon - Brannbamsen Bjørnis kjem kl 12:30
  • Iveland brannstasjon

 

Det brenn i veke 38, og derfor inviterer Setesdal brannvesen IKS til open brannstasjon laurdag 20.9 kl. 10:00-14:00

Publikum kan møte brannfolka, oppleve utstyret i bruk og få tips om korleis heimen kan gjerast tryggare.
Samtidig blir kampanjen lansert «Nasjonal brannøving», som skal få fleire til å øve på kva dei gjer dersom det byrjar å brenne.

Setesdal brannvesenet inviterer store og små til open brannstasjon. Her får publikum oppleva kvardagen til brannfolka på nært hald,
samtidig som dei lærer korleis ein best kan førebyggja brann heime. Open brannstasjon er ein tradisjon me er stolte av. Det er både lærerikt og morosamt
for heile familien, og me gler oss til å ta imot mange besøkjande.

Aktivitetar for heile familien 
På brannstasjonen blir det høve til å prøva seg som brannkonstabel for ein dag: Sitja i brannbil, sjå demonstrasjonar av sløkkjeutstyr og delta i konkurransar.

Derfor blir Brannvernsveka arrangert 
Brannvernsveka er eit landsdekkjande initiativ som blir gjennomført kvart år i veke 38, og som har til formål å setje søkjeljos på brannførebygging. Dette markerer også starten på den landsomfattande aktiviteten «Nasjonal brannøving».
Når haustmørket fell på, bruker me meir straum, tenner fleire lys og oppheld oss meir innandørs – alt dette kan auke risikoen for brann, og derfor blir det ekstra viktig å øve.

Lag di eiga brannøving heime 
Dei fleste alvorlege brannar skjer i private heimar – men der er det ingen krav til brannøvingar. For å gjere det enklare å vera førebudd, har Brannvernforeningen
utvikla eit gratis verktøy på www.brannovelse.no, der ein kan skreddarsy ei brannøving tilpassa sin eigen bustad og livssituasjon.
Når det byrjar å brenne, tel kvart sekund. Derfor er det utruleg viktig å ha øvd heime, slik at heile familien veit kva dei skal gjere for å komme seg raskt og trygt ut,
seier kommunikasjonssjef i Brannvernforeningen, Aslak Gausen.
Ei brannøving heime kan vere så lett som å snakke om ulike forhold knytt til brann rundt middagsbordet. Det kan til dømes vere; kvar er det sannsynleg at ein
brann kan starte hos oss, eller kva rømmingsvegar har me? Den kan også gjerast til ein meir praktisk og engasjerande aktivitet for heile familien.