Offentleg utlysing/ Salg av Landeskogen

Landeskogen i Grendi står klart for ein ny æra – og me søkjer DEG som har ein spennande idé og vilje til å skape noko unikt!

Landeskogen skal seljast og me søkjer etter aktørar med ein spennande forretningside til å kjøpe eigedommen.

Omstillingsprogrammet Bygg Bygland saman med Bygland kommune kunngjer ein konkurranse for å finne den beste forretningsideen til ny verksemd i dei historiske bygningane på Landeskogen. Har du ein visjon for korleis bygget kan fyllast med liv, aktivitet og verdiskaping?

🔍 Kva ser me etter?
•    Ein tydeleg og gjennomførbar idé.
•    Kreativitet og berekraftig tenking.
•    Berre seriøse førespurnader som vil bidra til utvikling, og oppnå lokal aksept med formålet sitt.
 

Den utvalde aktøren får høve til å realisere ideen sin og kjøpe eigedomen med oppfølging frå omstillingsprogrammet Bygg Bygland. 📅 Frist for innsending av idé: 10 august 2025
📩 Send ideen eller interessa di til: gyro.heia@bygland.kommune.no
•    Har du spørsmål eller vil vite meir?
Ta kontakt med Mulighetsutvikler Gyro Heia, mob: 91717521 – me vil gjerne høyre frå deg!

Sal av eigedommen kan skje når tinglysning og skøyte er på plass, og dessutan politisk vedtak i kommunestyret for aktuell aktør.