Luftsport til alle!

Høgt heng dei, og blide er dei. Luftsportsgjengen i Bygland blomstrar, og dei har fokus på at alle som vil skal få moglegheiten til å sjå Byglandsfjorden frå oven. 

Bygland luftsportklubb

-Vi har tenkt å invitere flyktningane i kommunen til å bli med oss å fly ein kveld under den kommande Gamaveka, fortel styreleiar i Bygland Luftsportklubb, Rebecca Sortland.

Klubben har fått støtte til inkludering og mangfold, og det er ikkje første gong luftsportsmiljøet har gjort ein dugeleg jobb for å inkludere andre. Tidlegare har dei vore heilt i front for å utvikle ei løysing som gjer at rullestolbrukarar kan vere med på turar med paraglider.
-Klubben har fokus på flyglede for alle, og har sidan starten i 2016 blitt ein av landet sine største «vinsjeklubbar». Opptrekk bak båt er ein ypperleg måte for å fly paraglider med rullestol, fordi starten er veldig kontrollert, fortel Rebecca. 

Gamaveka Extreme

Bygland luftsportklubb

Bygland Luftsportsklubb er ein av dei største klubbane innan HPS, som står for hanggliding, paragliding og speedgliding. I Bygland er det flest som flyr paraglider, men også ein del som føretrekk hangglider.

Kvart år i veke 30 kjem det folk frå fjern og nær til årets høgdepunkt, Gamaveka Extreme.

-Vi har gjort dette i så mange år at vi stort sett køyrer «same procedure as last year», smiler Rebecca.

-Dette er eit lavterskel-arrangement kor vi ønsker at alle nivå og alle aldrar kjenner seg velkomne. Vi skal inkludere nye typar kurs og turar over heile Setesdal. Det skal også leggast til rette for dei som vil fly akro over vatnet, på distansetur over fjella – eller dei som har lyst å prøve sin første tur nokon sinne.  

Og ein del startar tidleg. For å kunne fly i Noreg må ein vere fylt 15 år og ha løyve frå føresette. For dei som er endå yngre, så er det ikkje noko nedre aldersgrense for tandemflyging. Men då må ein også ha løyve frå begge føresette.

Under Gamaveka Extreme yrar det av liv i Bygland. Det er latter, nervar, konsentrasjon og skrekkblanda fryd. Familiar kjem, ungdommar, vaksne og eldre – god stemning er berre forbokstaven. 

Eit godt miljø

Luftsportklubben i Bygland har som motto «Vi skal berre ha det gøy!» og det passar godt.

-Vi har eit godt miljø, sler Rebecca fast.

-Her tek vi vare på kvarandre og inkluderer alle flygarar -og ikkje-flygarar- uansett frå kva klubb dei kjem frå. Det er generelt eit godt miljø i Noreg, som skapar vennskap og felleskap over heile landet.  

Samarbeidet med Bygland kommune har også gått godt.

-Det er kjempebra. Vi opplever at kommunen er super-velvillig og legg til rette for at vi kan halde på og skape liv i den flotte bygda. Vi likar Bygland veldig godt og høyrer mange gode ord tilbake, seier Rebecca.

Sjølv gledar ho seg til neste tur i lufta.

-Kjensla av å fly som fuglen og nyte naturen – det er noko heilt spesielt. 

Tekst: Marion Solheim
Alle foto: Bygland luftsportklubb