Lag og foreiningar kan søke om turstimidlar

Midt-Agder Friluftsråd oppmodar lag og foreiningar om å søke om turstimidlar

Prosjektet er eit samarbeid mellom Sparebanken Sør og seks friluftsråd. Total skal det bli delt ut 6 millionar i løpet av dei neste 3 åra.

"Turstimidlane skal bli brukt til å anlegge nye turstiar eller oppgradere eksisterande. Eksempel på oppgradering kan vere betre skilting, betre tilkomst eller på annan måte tilrettelegging langs eller på turstiar.

Søknadsfristen er 1. mars

Meir informasjon om ordninga finn du på Midt-Agder Friluftsråd sine sider