Invitasjon til høyringsmøte om villreinområde

Invitasjon til ope høyringsmøte om tiltaksplan for Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei villreinområde

Klima- og miljødepartementet viser til forslag til tiltaksplanar for Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei villreinområde som vart sendt på høyring 2. juli. Frist for innspel er 31. oktober 2025.

For å sikre brei medverknad i det vidare arbeidet med planane, blir det halde eigne møte for kvar plan før høyringsfristen går ut.

Statssekretær i Klima- og miljødepartementet, Kristoffer André Hansen, inviterer til eit ope møte om tiltaksplan for Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei villreinområde.

Tid: Onsdag 8. oktober kl. 18:00–19:30

Stad: Kinosalen i Sirdal Kulturhus, Sirdalsveien 3938, 4440 Tonstad

Det blir enkel servering.

 

Det er ikkje naudsynt med påmelding, men ved spørsmål kontakt:

Martine Løvold – martine.lovold@kld.dep.no

Meir om tiltaksplan for villrein finn de her