Informasjon til dei som mottek fakturaer kvar månad på kommunale avgifter
Grunna overgang til nytt økonomisystem, blir faktura på kommunale avgifter for desember fakturert tidlegare enn vanleg.
Grunna overgang til nytt økonomisystem, må kommunen sende ut faktura på kommunale avgifter for desember tidlegare enn vanleg. Dette inneber at dei som mottek faktura kvar månad på kommunale avgifter, vil få fakturaene for november og desember med kortare tid mellom enn normalt.
Dei som mottek fakturaer på kommunale avgifter kvartalsvis eller årleg kan sjå bort frå denne informasjonen.
Publisert 05.12.2023 11:03
Sist endra 05.12.2023 11:03