Honorarfond til folkemusikk - ei tilskotsordning som alle lag, foreiningar, bedrifter og privatpersonar kan nytte seg av

Honorarfondet kan støtte arrangement av dei fleste slag. Du kan søke om du skal arrangere ei tilskiping og ønskjer å ha eit folkemusikkinnslag

Føremål

Føremålet med honorarfondet er å gjere folkemusikken i Setesdal kjent og høyrt, og å stimulere til aktivitet blant folkemusikkutøvarar, ikkje minst dei unge. Fondet kan dekke delar av honoraret når ein arrangør bruker folkemusikarar med lokal tilknyting til arrangement i Bykle, Valle, Bygland, Åseral, Evje og Hornnes kommunar. Ved bruk av unge utøvarar, kan fondet dekke heile honoraret. Det er Valle Sparebank, Bykle, Valle, Bygland, Åseral og Evje og Hornnes kommunar som finansierer fondet, og Setesdal Spelemannslag administrerer det.

Kven kan søke om tilskot?

Alle arrangørar - lag, foreiningar, bedrifter eller privatpersonar - med tilskipingar i Bykle, Valle, Bygland, Åseral og Evje og Hornnes kommunar, kan søkje om tilskot frå fondet. Ordninga gjeld ikkje for offentlege institusjonar. Kvar arrangør kan søkje om tilskot maks. 5 gongar pr. år.
Honorarfondet kan støtte arrangement av dei fleste slag, anten det dreier seg om kulturinnslag ved konferansar, bedriftssamlingar, representasjonsoppdrag, opningsfestar, jubileum, ”runde dagar”,  private tilskipingar eller anna. 
 

Sjå elles informasjon i brosjyren HER (PDF, 4 MB), eller send e-post til post@setesdalspelemannslag.no

Lenke til søknadsskjema: Søknad om tilskot frå honorarfond til folkemusikk (lenke til Valle kommune)

Du kan lese meir om honorarfondet på heimesidene våre: Honorarfond til folkemusikk