Honorarfond til folkemusikk

Honorarfond til folkemusikk er eit samarbeid som omfattar kommunane Bykle, Valle, Bygland, Åseral og Evje og Hornnes

Føremål

Føremålet med honorarfondet er å gjere folkemusikken i Setesdal kjent og høyrt, og å stimulere til aktivitet blant folkemusikkutøvarar, ikkje minst dei unge. Fondet kan dekke delar av honoraret når ein arrangør bruker folkemusikarar med lokal tilknyting til arrangement i Bykle, Valle, Bygland, Åseral, Evje og Hornnes kommunar. Dersom det er unge utøvarar, kan fondet dekke heile honoraret. Det er Valle Sparebank, Bykle, Valle, Bygland, Åseral og Evje og Hornnes kommunar som finansierer fondet, og Setesdal Spelemannslag administrerer det.

Kven kan søke om tilskot?

Alle arrangørar – lag, foreiningar, bedrifter eller privatpersonar – med tilskipingar i kommunane Bykle, Valle, Bygland, Åseral og Evje og Hornnes, kan søkje om tilskot frå fondet. Ordninga gjeld ikkje for offentlege institusjonar. Honorarfondet kan støtte arrangement av dei fleste slag, anten det dreier seg om kulturinnslag ved konferansar, bedriftssamlingar, representasjonsoppdrag, opningsfestar, jubileum, «runde dagar», private tilskipingar, konsertar eller anna.

Retningsliner for tildeling

Setesdal Spelemannslag administrerer fondet, og definerer kva utøvarar som kjem inn under ordninga. Satsar for tilskot til honorar:

  • 12–15 år full dekning inntil kr 1 500 per utøvar
  • 16–18 år full dekning inntil kr 2 500 per utøvar
  • Andre utøvarar dekning 2/3 av utgiftene inntil kr 4 000 per utøvar
  • Gruppe over 4 personar dekning 1/3 av utgiftene inntil kr 12 000

Søknad om tildeling

Søknad om tilskot frå fondet skal sendast til Honorarfond til folkemusikk. Skriv ein enkel søknad som inneheld opplysningar om arrangør, type arrangement, stad/tid, utøvar(ar) og avtalt honorar. 

Søknader blir handsama fortløpande, og tildeling skjer dersom søknaden tilfredsstiller retningslinene, og så lenge det er midlar på fondet.
NB! Maks 5 søknader per arrangør.
 

Ved utbetaling av tilskot må du sende inn bankutskrift på at honorar er betalt eller annan stadfesting på mottatt honorar, og oppgi kontonummer. 

Du sender søknad/krav om utbetaling til post@setesdalspelemannslag.no.

Spørsmål?

Sjå heimesidene til kommunane eller send ein e-post til post@setesdalspelemannslag.no