Ho skal finne moglegheitane rundt oss

Å få jobbtittelen Moglegheitsutviklar fører med seg visse forventingar. Gyro Heia ser lyst på det. Bygland er nemleg full av moglegheiter, og Gyro gler seg til å oppdage, gjenoppdage, finslipe og vise fram det kommunen har å by på. 

-Eg gledar meg til å få tak i ressurspersonane som har lyst å vere med å bidra, som har lyst å fortelle kva dei har på hjartet, seier Gyro Heia entusiastisk.

Ho er energisk, smilande og definitivt ei som får ting gjort. Gyro har allereie ei imponerande merittliste, og til sommaren ventar nye utfordringar. Bygland skal på kartet for alvor. Som fersk omstillingskommune kjem det støtte frå staten i seks år framover, for å skape nye og sikre eksisterande arbeidsplassar – noko som også betyr fleire innbyggjarar og endå meir skaparkraft og driv i kommunen. Det er slik stillinga som moglegheitsutviklar dukka opp i Bygland.

Den viktigaste jobben til moglegheitsutviklaren er å få folk med på det omfattande prosjektet dette er og å få ting til å skje.


Den viktigaste jobben til moglegheitsutviklaren er å få folk med på det omfattande prosjektet dette er og å få ting til å skje, fortel kommunedirektør i Bygland, John Salve Sigridnes.

-Gyro kan sjølvsagt ikkje gjere dette aleine, men ho skal halde i trådane, ha oversikt over moglegheitane og hjelpe styret med å peike ut retninga for vekst og utvikling i Bygland, seier han.



Ny giv i Bygland

Gyro ser fram til å ta fatt på oppgåva. Arbeidsplassar er eit viktig nøkkelord for jobben som ventar. Både dei som er her, og dei som kan komme.

-Eg ser at det absolutt er moglegheiter innanfor næringslivet her, seier Gyro.  

-Også i det eksisterande næringslivet. Ta til dømes Ose Water og Bygland bryggeri, eller dei mange lokale matskattane her i området. Vi skal heilt klart halde fram med å bygge opp dei største bedriftene som er her i dag, og ikkje gløyme at dei er avgjerande med tanke på tilgjengelege arbeidsplassar som er skapt og framleis skapast. Døme her er Byglandsfjord Sag, Tine meierier og Containertec. Dette kan vi jobbe vidare med, vi må berre snakke saman og finne ut ut retninga i lag. Allereie er det så mykje her som kan vere med å sette Bygland -og resten av Sørlandet- på kartet. Så det med å finne dei folka som vil bygge vidare på det vi har, og også dei som vil satse på noko nytt her – det har eg veldig trua på. Eg brenn for stadutvikling, rett og slett. Og så er det jo fantastisk natur her, det må seiast. Eg har alltid sagt at denne landsdelen er eit Toscana. Kvifor ikkje bruke det?

Toscana er kjent for landskapet, tradisjonane, historia og kulturarven. Og det skortar ikkje på den slags i Bygland heller.

-Det er mange skattar i Bygland. Spørsmålet er: Kan vi revitalisere dei? Vi har alle dei flotte, gamle bygningane, vi har kulturarven som ligg i Setesdal. Vi har Bjoren og bleka, berre for å ta eit par døme. Det er mykje å ta av, sler Gyro fast.

John Salve er glad for å ha fått ho med på laget.

-Gyro har ein sterk positiv energi som smittar over på andre menneske, seier han.

-Ho har høg arbeidskapasitet og går inn i det ho gjer med både hjarte og hovud. Gyro kan sette seg raskt inn i komplekse problem, finne retninga og ho har ein trygg og tydeleg kommunikasjon. I tillegg kjenner Gyro både kommunen og regionen godt gjennom rollene sine, både i arbeidslivet og politisk. Vi er trygge på valet og ser verkeleg fram til å få ho med på laget, avsluttar ein nøgd kommunedirektør.  

Bygland frå sykkelsetet

Gyro vender attende til røtene når kommunehuset i Bygland blir arbeidsplassen. Opphaveleg er ho frå Heistad, fødd ein aprildag i 1981. Som barn og ungdom i Bygland vart det mykje sykling til og frå.

-Eg har vel sprunge rundt i alle grendene her i kommunen, smiler ho.  

-Vi sykla på kryss og tvers på den tida. Eg har vore overalt. Hengt på Byglandsfjord når alpinanlegget var der, reist til Bygland når det var klubb der, gått på leikarringen på Ose… ja, det meste.

Det gode lokalmiljøet er viktig for Gyro.

-Eg tenker jo at det er noko Bygland bør fronte – eit inkluderande lokalmiljø som inviterer folk inn. Det er noko Bygland kan velge å utmerke seg på. For det er ikkje berre-berre å komme til distrikts-Noreg dersom du ikkje føler inkludering, seier ho.

Ordførarklubba på strak arm etter Vedum-utfordring

Gyro er utdanna barnevernspedagog, men gjekk etter eit par år over til leiarstillingar i NAV. Ho likar å jobbe med rettleiing, rådgjeving, prosjektarbeid, organisasjonsutvikling og leiing. Men at ho skulle bli den første kvinnelege ordføraren i Birkenes kommune – det var i grunn aldri ein del av planen.

-Det var jo eit smell og eit bang, så var vi der, ler Gyro.  

Det heile starta med ei utfordring frå Senterparti-general Trygve Slagsvold Vedum. Den gjekk ut på at Iveland-ordføraren skulle rekruttere eitt nytt medlem. Gyro vart til slutt overtala.

-Eg gjekk med på det, sidan eg tilhøyrte Birkenes kommune. Hausten 2018 melde eg meg inn i partiet, og vart deretter spurt om å stå på liste. Og eg kjente litt på at «ok, skal eg gå for politikk, så går eg all in!», fortel Gyro.

-Så då enda eg opp på førsteplass på lista. Vi hadde håp om å få ein varaordførar… og så vart det jo eit brakval! Eg huskar når resultata kom den valnatta; eg fekk litt kalde føter, det må eg seie. Det var eit skikkeleg sjokk! Men slik som eg er laga, så tenker eg som i Pippi-sitatet «dette har eg ikkje gjort før, så det kan eg heilt sikkert klare».

-Og det gjorde du?

-Det gjorde eg. Det gjekk veldig greitt. Men eg hadde jo aldri vore i kommunestyre eller noko slikt, så det var jo rett inn. Og eg huskar det første møtet, då eg skulle få ordførarkjedet… Den tidlegare ordføraren sat der; han innleia møtet, overrekte ordførarkjedet og eg fekk klubba i handa. Og så sa han «vær så god, no kan du leie resten av møtet». Gyro ler høgt når ho tenker tilbake.

-Då er det kunsten å vite kor tid ein skal ta ei pause, ikkje sant. Så eg sette meg ned, og sa til forsamlinga at «no må eg ta ein augneblink her, og berre nyte…» Eg sat der og såg utover og smilte medan det var fullt kaos inni meg! Men det gjekk heilt greitt, eg måtte berre tenke litt over korleis eg skulle gå fram.

Den unge, ferske ordføraren fiksa biffen. Og ordførarklubba vart ho kjapt komfortabel med. Gyro Heia er ikkje redd for å hoppe i det, og med kompetansen ho har i bagasjen er ho trygg på å prøve nye ting.

-Eg er ikkje redd for å prøve. Den som ikkje prøver, den får ikkje til nokon ting. Og har du prøvd og feila, vel – enten har du lært, eller så har du lukkast, seier ho.

Ny kvardag ventar bak neste sving

Gyro bur i Birkenes med dei tre borna Viljar på åtte år, Nora på 14 og Lotta på 16 år. Å pendle til Bygland ser ho ikkje på som eit problem i det heile teke.

-Køyringa går heilt greitt, det er ikkje noko eg tenker på. Eg får faktisk gjort mykje på vegen; teke mange telefonar og tenkt gjennom saker. Og så er det jo så vakkert å ta denne turen. Eg har veldig trua på fjordmiljøet her. Byglandsfjorden er særs viktig for kommunen. Og så har vi jo ein fantastisk fjellheim, som vi kanskje kan utnytte i endå større grad framover.

-Det blir eit nytt kapittel. Gledar du deg til å bli den nye moglegheitsutviklaren?

-Eg gledar meg veldig! Det blir ufatteleg gøy å finne alle dei som ønsker å vere med å bidra, og så dra litt i dei som tenker at «njaaa, kor er vi på veg hen no?», seier Gyro med glimt i auget.

-Eg meiner vi skal litt ut av komfortsona. Eg likar det. Så eg gledar meg både til å bli utfordra – og utfordre, avsluttar Bygland sin nye moglegheitsutviklar. 
 

Tekst og foto: Marion Solheim