Historisk kunnskap om bleka - NORCE-rapport av Einar Kleiven

Ein ny rapport kastar lys over den relikte laksefisken, bleke. Gjennom fleire tiår har Einar Kleiven samla inn unikt historisk materiale som viser kor viktig denne ferskvasslaksen har vore for liv, kultur og identitet i Setesdal og Arendalsregionen. No blir historia om bleka – og redningsarbeidet som hindra henne frå å forsvinne – fortald i samla form.

Historisk kunnskap om relikt laks på Agder Einar Kleiven/NORCE

Det er nyleg kome ut ein ny rapport, Historisk kunnskap om relikt laks på Agder, skrive av Einar Kleiven. Einar Kleiven har gjennom fleire tiår samla inn lokalhistorie, munnlege kjelder og skriftlege dokument om dei to unike blekebestandane i Agder – i Otravassdraget og i Arendalsvassdraget. Bleka er ein relikt laks som vart isolert i innsjøane etter istida. I motsetnad til vanleg laks lever ho heile livet i ferskvatn. Dette gjer bleka i Agder heilt spesiell i både norsk og internasjonal samanheng.

Rapporten viser kor viktig bleka har vore for folk i Setesdal og på Agder i fleire hundre år. Kjelder frå så tidleg som 1777 dokumenterer at lokale fiskarar tydeleg skilde mellom bleke og aure – både i utsjånad, gyting og matverdi.

Det var eit omfattande blekefiske med lystring, not og garn, noko som framleis lever vidare i stadnamn som Blekeskjæret og Blekelaget, og til og med i gamle stev.

I 1927 slo professor Knut Dahl fast at bleka var ein relikt laks – ei stor nyheit i samtida. Blekerogn vart til og med eksportert til andre land, utan at det førte til nye bestandar. På slutten av 1960-talet stod bleka i Otra i fare for å forsvinne. Vassdragsreguleringar og forsuring gav dramatisk nedgang i blekebestanden. Det var grunneigarane som først slo alarm, og dette utløyste ein stor redningsaksjon frå tidleg 1970-tal. Sidan den gong har lokalsamfunn, miljøforvaltning og regulant arbeidd tett for å berge og oppretthalde den sårbare bestanden i vassdraget. Tiltaka har vore nødvendige for å halde bleka i live. 

Rapporten viser tydeleg at bleka på Agder er ein viktig del av lokal kulturhistorie og norsk naturarv. Ho er eit symbol på både naturens sårbarheit og det store engasjementet i regionen for å ta vare på eigne ressursar – også for framtidige generasjonar.

Link til rapporten finn dykk her:

Historisk kunnskap om relikt laks på Agder (PDF, 14 MB)

Siste samlerapport om Bleka i Byglandsfjorden frå 2021 (PDF, 22 MB)