Folkedans i Bygland – kulturarv, gangar og mykje moro

Det er fem år sidan Setesdølane sin folkedans, folkemusikk, kveding og stevjing kom på den presisjetunge UNESCO-lista over immateriell kulturarv. Og i dag, på den internasjonale dagen for dans, tek vi praten med ei som har folkedans i blodet, Liv Åsne Austad Andersen

Med Gofa som læremeister

Liv Åsne har dansa folkedans sidan ho var ein neve stor. Ho meiner det er viktig at denne kulturen ikkje går i gløymeboka. 

-Gofaen min, Aslak Austad, dansa gangar. Han introduserte oss borneborna for dans og stev frå så tidleg eg kan huske, fortel Liv Åsne. 

-For meg har det vore moro å lære meg den dansen dei dansa i Setesdal i gamle dagar. Det har nok noko med identitet å gjere. 

Gangaren er den eldste danserytma vi kjenner til her til lands. Og gangaren lever i beste velgåande. Både som pardans eller i ring med fleire par der ein byter på dansepartnaren. Liv Åsne sin favorittdans er Setesdalsgangar. 

-Det er så moro når ein lærer seg ein dans, blir trygg i den, mestrar den – og fleire kan same dansen, seier ho. 

-Dansen fungerer også som treffpunkt. Det er moro når folk i alle aldrar dansar. Vi kan treffast på tvers av bygder og kommunar, og ein treff gjerne folk ein ikkje møter til kvardags. 

Folkedansen før og no

Liv Åsne Austad Andersen

I Bygland og Setesdal har ein dansa til hardingfele og munnharpe i all den tid. Men det er ikkje til å legge skjul på - folkedanskulturen har fått hard konkurranse frå omverda og står ikkje like sterkt som tidlegare.  

-Eg veit at når generasjonane før meg trefte kvarandre på dans gjekk det i folkedans, mellom anna gangar som er den lokale folkedansen. På dansane var det spelemenn og det kunne gjerne bli steva i tillegg til dans og spel, fortel Liv Åsne.

Sjølv var ho i lag med tre venninner primus motor for leikarringen i Bygland tidlegare. Der fekk borna i mange år lære seg folkedans, og også hiphop, song og mykje anna. Det vart arrangert dansetreff med leikarringane i nabokommunane, og det var mykje sosialt som skjedde. 

-Eg håper den kan starte att, og vere eit supplement til andre fritidsaktivitetar og gje danseglede i oppveksten, seier Liv Åsne. Som også kan fortelle at det stadig skjer saker og ting på folkedansfronten i Bygland. I starten av april var det til dømes danseøving i regi av Setesdal Spelemannslag. 

-Det var for folk i alle aldrar. På denne danseøvinga deltok fleire generasjonar og på tvers av kommunar, fortel ho.

-Det er så moro når folk i alle aldrar kan danse saman i ein gangarring!

…og folkedansen framover

UNESCO-statusen har gjort ei heil verd klar over verdien folkedansen i Setesdal har. Ein rytmisk skatt, rett og slett. Den skal visast fram til sommaren til eit stort publikum, nemleg på NORLEK 24 i Arendal – eit nordisk folkedans- og folkemusikkfestival der mellom 2000 og 2500 dansarar og musikarar frå heile Norden samlast. I Bygland øvar dei til opptreden. 

-Laurdag 20. juli skal det visast eit Setesdalsbryllaup og bryllaupsfolket skal gå først i paraden gjennom Arendal, fortel Liv Åsne. 

-Framme ved scena blir bryllaupstradisjonane frå Setesdal vist. Det er song, dans, speling og litt ekstra som høyrer eit bryllaup til. Det er sett ned ei arbeidsgruppe som har samla folk i alle aldrar til å vere med i dette Setesdalsbryllaupet. Nokre av dei som var med på siste danseøvinga i Bygland skal vere med i dette bryllaupet, fortel ho. 

Når det gjeld satsinga på folkedans og den immaterielle kulturarven i Setesdal så vil Liv Åsne trekke fram satsinga Setesdalsfolk i regi av fylkeskommunen og Bygland kommune, der det har skjedd og skjer mykje spennande. 

-Det er så flott med opplæringsprosjektet Gorrlaus i barnehage og skular, samt boka Dommelidei. Eg trur det at den immaterielle kulturarven i Setesdal har fått UNESCO-status på sikt vil vere med på å skape ein stoltheit. Også tykkjer eg dei tilsette i oppvekstsektoren her har vore flinke til å bruke materiellet i Gorrlaus og boka Dommelidei. Det høyrer og ser eg, avsluttar ei nøgd Liv Åsne.   

Folkedanskulturen i Bygland lever altså i beste velgåande. Og allereie 3. mai stemmast felene igjen, då skal Setesdal Spelemannslag ha nytt gangarkurs på Bygland kulturscene. Så finn fram danseskoa og hiv deg med! 

Kjelder: 

Setesdalstradisjonen fyrste norske på UNESCO-liste - Museum og kulturvern - kulturradet.no (kulturdirektoratet.no)

International Dance Day - International Theatre Institute ITI (international-dance-day.org)

Folkemusikk fra Setesdal (visitsorlandet.com)

NORDLEK 2024

Tekst: Marion Solheim
Foto: Liv Åsne Austad Andersen