Familiebadinga startar opp att 7. oktober
Tysdag 07.10.2025 startar familiebadinga i Bygland opp att. Bassenget på Bygland skule er open tysdagar og fredagar kl. 17.00-20.00. Tilbodet er gratis.
Familiebading på Bygland
pixabay.com
Tysdag 7. oktober startar den nye sesongen med familiebading på Bygland. Badesesongen held fram til påskeferien. Siste badedag er fredag 27.03.2026
Tilbodet er gratis og omfattar både bading og badstoga.
Opningstider:
- tysdagar kl. 17.00 -20.00
- fredagar kl. 17.00 -20.00
- stengt i skuleferiane
Stad: Symjebassenget på Bygland skule -
Badevakt: Astrid Carlsen
Hugs følgjande punkter:
- Alle må dusje før dei bruker bassenget eller badstoga.
- Det er påbudt med badetøy i badstoga.
- Symjebassenget følgjer skuleruta og er stengt i feriane.
Publisert 07.10.2025 10:58
Sist endra 07.10.2025 15:43