Her kan du lese artikkelen på Vennesla kommune si heimeside: vennesla.kommune.no. Du kan og melde deg på via denne sida.
Fagdagen startar kl. 10:00 den 7. april og held på fram til kl. 15:15. Alt er gratis og det blir servert ein enkel lunsj.
Fagdagen blir arrangert saman med Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) og Regionalt ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordførebygging (RVTS Sør).
Både innbyggarar, folk i frivillige organisasjonar og fagfolk er hjarteleg velkomne. Dei håper på god deltaking frå nabokommunane Iveland, Evje og Hornnes, Åseral og Bygland. Dette er eit fint høve til å lære meir om eit svært viktig arbeid.