Bygland kommune set no fokus på energieffektivitet og oppmodar alle innbyggarar til å ta ein grundig gjennomgong av energiforbruket i heimane sine. Gjennom bruk av Energiportalen får ein ikkje bare ei oversikt over det noverande energiforbruket i bustaden, spesifisert for oppvarming, varmtvatn og ljosforbruk, men ein for og dei verktøya ein treng for å identifisere område der energisparing er mogleg.
Sidan oppvarming og varmtvatn utgjer den største delen av energiforbruket i heimen, er det her det er mest å hente når det kjem til å spare energi. Energiportalen tilbyr ei enkel løysing for å få oversikt over energibruket i bustaden din, og gir konkrete tips til tiltak som kan redusere forbruket.
Korleis bruke Energiportalen?
- Søk opp bustadadressa di: Få ei førebels oversikt over energibruken i bustaden din, estimert i kilowattimar (kWh), samt ei oversikt over kostnadane og CO2-utsleppet.
- Legg inn eigne opplysningar: Suppler med eigne data for å få eit meir presist resultat. Legg inn informasjon om eventuelle oppgraderingar, som etterisolering, nye vindauge eller installasjon av varmepumpe. Analysen blir betre om du legg inn nøyaktig informasjon.
- Velg ønska tiltak: Sjå korleis ulike energitiltak vil påverke bustaden din. Få ei rask oversikt over kor mykje du kan svare ved å installere til dømes ei varmepumpe, eit varmestyringssystem, bytte vindauge eller etterisolere.
Heile poenget med Energiportalen er å gjere deg meir medviten på korleis du bruker energi i heimen din. Dette gir deg eit godt grunnlag for å vurdere kva tiltak som gir mest effekt i bustaden din, samstundes som du får informasjon om lokale og nasjonale støtteordningar, samt oversikt over autoriserte produktleverandørar og meistarverksemder i nærleiken.
Når du vurderer energitiltak, kan du og sjå kosnadane i høve til nytten. Energiportalen gir deg ein peikepinn på kor mykje du kan spare i energikostnadar per år, slik at du kan samanlikne dette med investeringskostnadane. Med stadig aukande straumprisar blir summen du sparer viktigare, og investeringa kan betale seg raskare enn du trur.
Ved å ta i bruk Energiportalen, får du ikkje bare ein meir berekraftig bustad, men og ein meir økonomisk gunstig kvardag.
Gjere energisjekken i dag og sjå kor mykje du kan spare!
https://bygland.energiportalen.no/