Ekstra tilskot til grøfting/drenering på Agder 2024

Fylkestinget i Agder vedtok i desember 2023 å løyve 1 million kroner til landbruket for å auke dreneringsaktiviteten i fylket.

Fylkeskommunen bidreg med tilskot til drenering av dyrka mark i 2024 etter følgjande satsar:

  • Systematisk grøfting, profilering og omgraving: 2 000 kroner per dekar.
  • Annan grøfting: 30 kroner per løpemeter grøft avgrensa oppad til 2 000 kroner per dekar.

Tilskotet er eit supplement og styrking av den statlege ordninga til drenering som i dag blir forvalta av kommunane. Midlane erstattar ikkje dei statlege midlane, men skal forsterke desse. Ekstraordinære midlar frå fylkeskommunen føreset difor godkjent statleg dreneringstilskot frå kommunen og med mål om å forbetre jordkvaliteten.

Søknadsprosessen

Det er eit mål at ordninga skal vere enkel å søke på:

  • Du søker først om ordinært statleg tilskot til grøfting/drenering til kommunen
  • Når kommunen har godkjent søknaden, blir ein kopi av kommunen sitt tilsagnsbrev sendt til Agder fylkeskommune på e-post: postmottak@agderfk.no. Fylkeskommunen vurderer tilsagn om ekstraordinært tilskot og sender tilsagnsbrev.


Når arbeidet er gjennomført, blir det sendt kopi av vedtak om utbetaling frå kommunen, og fylkeskommunen betaler ut ekstratilskotet frå fylkeskommunen på bakgrunn av dette.

Tilskotsordninga gjeld søknadar som er innsendt frå 01.01.2024 og tiltak som ikkje allereie er igongsett.

Tiltaket må vere gjennomført i løpet av 2026.

Meir informasjon?

Landbruksrådgjevar i kommunen eventuelt Norsk Landbruksrådgivning (NLR - grøfteplanar), eller Agder fylkeskommune (ekstratilskot) kan svare på spørsmål.

Informasjon om den statlege ordninga finn du på Lovdata eller hos Landbruksdirektoratet