Du kan framleis bli med på Dytt.no-arrangementet vårt!
Byglendingane er på veg jorda rundt - no har vi inntatt Berlin. Blir du med på resten av turen?
Omlag 150 personar frå Bygland har meldt seg på utfordringa om å gå jorda rundt. Til saman har desse 150 personane tilbakelagt 3 855 km (onsdag 5.2.25) og gått over 5 000 000 skritt. Det betyr at vi har kome så langt som til Berlin, og er på god veg jorda rundt.
Har du framleis ikkje meldt deg på?
Gå inn på www.dytt.no/bygland og meld deg på. Det står godt forklart korleis du gjer det.
Du kan lese meir om dette arrangementet i denne artikkelen: Klarer innbyggjarane i Bygland å gå jorda rundt på 100 dagar?
Publisert 06.02.2025 12:17
Sist endra 06.02.2025 12:17