Vi treng alle ein liten dytt for å ta gode helsemessige val i kvardagen, og kanskje ei lita ekstra treningsøkt. Litt meir aktivitet og sosialt fellesskap i kvardagen gjer oss gladare, friskare og gir meir energi. Alt som krevst for å fullføre er 10 000 skritt om dagen, eller 1 million skritt på 100 dagar! Vi oppfordrar dykk til å danne familie- eller venelag, og kanskje ha ein liten intern konkurranse. På Dytt-appen kan ein følgje med på korleis det går, og det vil også bli oppdateringar på kor langt vi har kome på heimesida.
Det er ikkje berre skritt som tel. Du kan reikne om mykje anna aktivitet til skritt, i tillegg får de bonuspoeng for å sove nok, ete sunt, ta ein telefon til ein du ikkje har treft på lenge, litt hopp og sprett på kontoret, invitere nokon på kaffi o.l. I appen ligg ei liste med mange ulike bonusoppdrag (under knappen Aktivitetar). Her kan de og reikne om aktivitet til skritt.
Alt du treng å gjere for å bli med er å laste ned Dytt appen på mobilen og opprette brukarkonto. Startkode: Bygland2025. Du kan og bruke PC og legge inn skritt og aktivitetar manuelt; www.dytt.no/bygland.
Når kampanjen er slutt blir det trekt 3 gåvekort til 3 personar som har klart målet på 1million skritt. To på 5000 kroner, og eitt på 2000 kroner.
Klarer vi å gå jorda rundt på 100 dagar? Vi håper at mange blir med på forsøket!
Oppsummering
- Last ned Dytt-appen frå der du vanlegvis lastar ned appar
- Opprett brukarkonto (startkode: Bygland2025)
- Registrer talet på skritt du har tatt