Bygland kommune og sosiale medier

Bygland kommune har starta eit samarbeid med Wepost AS, ein KI-basert marknadsføringsplattform

Med støtte frå Norges forskningsråd blir det etablert eit forskningsbasert prosjekt som kan bidra til ein betre og meir effektiv kommunikasjon i offentleg sektor - gjennom sosiale media, og med hjelp av kunstig intelligens.

Forbetring, systematisering og automatisering av kommunal kommunikasjon står i fokus. Det handlar om effektiv tidsbruk, men også korleis ein skal nå rett målgruppe på sosiale media som Instagram og Linkedin. Det gjeld så vel potensielle arbeidstakarar når ein lyser ut stillingar i Bygland kommune, så som viktige arrangement eller prosjekt som har relevans for alle innbyggarar.

Forskningsprosjektet og samarbeid med Wepost kan sjåast i samanheng med omstillingsprosjektet som er på trappene - og med det overordna målet om å utvikle Bygland til ein attrktiv stad å bu og arbeide i.

 

Faktaboks:

Kunstig intelligen (KI) er ei grein av datavitenskapen som utviklar system og algoritmar for å utføre oppgåver som krev menneskeleg intelligens. Målet er å skape maskiner som kan tenke, lære og løyse problem på ein måte som liknar menneskeleg intelligens