Agder fylkeskommune fornyar avtale om gratis energirådgjeving gjennom Energiportalen.no

Energiportalen.no er eit gratis tilbod om å bli meir klimavenleg, og samstundes spare pengar. Difor har Hovedutvalg for næring, kultur og miljø fornya avtalen om energirådgjeving

På Energiportalen.no kan alle analysere eigen bustad og finne ut kor energi- og miljøvenleg den er. Målsettinga med avtalen er å fremje kunnskap og bevisstgjere innbyggarane på Agder om eige energibruk og gi råd om reduserer energibruken. Energiportalen si nettbaserte løysing har vist seg å vere ein god måte å kommunisere energiforbruk og energitiltak på. Tilbodet er finansiert av Agder fylkeskommune og blir levert i samarbeid med kommunane i fylket.

Du kan søke opp bustaden din på energiportalen.no

Du kan på desse sidene søke på adressa di for å rekne ut dagens energibruk og straumkosnad. Legg inn opplysningar om bustadstandard, oppvarming og informasjon om husstanden for ei best mogleg analyse.

Portalen gir deg informasjon om kva energisparande tiltak som er mest effektive for bustaden din. Nytt av året er at lokale utøvande meistarar er lista og tilrådd på Energiportalen.no. Det gjer det enklare å gjennomføre økonomiske klimatiltak, som samstundes støttar opp om  lokalt næringsliv.