Medverknad

Kva er medverknad?

Jf. plan- og bygningslova er medverknad enkeltpersonar og grupper sin rett til å kunne delta i og påverke offentlege prosessar for utgreiing og avgjersler. Det betyr at innbyggjarane er med på å planlegge framtida si. Medverknad i planprosessen har eit perspektiv om ”best mogleg plan”, og har mål om å:

• sikre gode løysingar som tek omsyn til alle sine behov

• legge til rette for at alle rørte og interesserte aktørar kan kome til orde

• fremje kreativitet og engasjement, og vere ein arena for demokratisk deltaking i lokalsamfunnet

• framskaffe eit godt grunnlag for avgjersler

Kvifor er medverknad viktig?

Medverknad er ein grunnleggande føresetnad i eit lokaldemokrati, og gir innbyggjarane moglegheit til å delta og medverke til betre planløysingar. Innbyggjarane si aktive rolle i plan- og avgjersleprosessen er viktig for å ta vare på felles verdiar og grunnleggande levekår i et berekraftig samfunn. Korleis medverknad i planlegginga blir tilrettelagt, er avgjerande for å sikre velfungerande og effektive planprosessar.

Dokument: Medverknad oversikt (PDF, 139 kB)

Medverknad