Jord- og konsesjonslov
- Gebyret for handsaming av konsesjonssaker utgjer 3 promille av kjøpesummen, med eit minimumsgebyr på kr 1 000 og eit maksimalt gebyr på kr 5 000.
- I delingssaker etter jordlova skal det betalast eit gebyr på kr 2 000. (makssats jf eiga forskrift).
Det vert elles vist til Forskrift om gebyr for behandling av konsesjons – og delingssaker fastsett av Statens landbruksforvaltning 14.desember 2011.
Kommunale avgifter og betalingssatsar
Registert bygningstype i Matrikkelen (nasjonalt eigedomsregister) er avgjerande for kva type gebyr eigedomen skal ha. Eventuelle endringar av gebyrtype skal skje etter skriftleg og grunngjeven søknad jf. gjeldande lovar og vedteker tilhøyrande tenesteområde, eller i dei tilfella der det er søkt om og gjeve løyve til bruksendring jf. plan – og byggjelova sine reglar. Det er søknadstidspunkt som er avgjerande for kva tid gebyrendringa eventuelt vert gjeldande ifrå. Søknadar om endring vert ikkje gjeven tilbakeverkande kraft.
Kommunen har fleksible terminer for fakturering av kommunale avgifter, der fakturamottakar kan velje kor ofte dei vil ha faktura. Les meir om dette HER. Tabellane under gjev forslag til endringar av kommunale avgifter og betalingssatsar for dei ulike ansvarsområda vatn, kloakk, renovasjon, slamtømming og feiing.
Plombering eller opning av plombering blir fakturert etter medgått tid. Oppmøtegebyr for vassmålaravlesing blir fakturert etter medgått tid.
Tilkoplingsavgift blir fakturert når byggeløyvet det blir gitt til nybygg. For eksisterande bygg, campingvogner og bubilar, så vert tilknytingsgebyret fakturert når søknad om tilknyting er godkjent. Årsgebyra (abonnementet og forbruk) blir fakturert frå dato for tilkopling til det kommunale leidningsnettet.
Årsavgift for kloakk (fast- og kubikkavgift for hus, hytte og næring)
2024 (ekskl mva) - 437% auke frå 2023 til 2024. Tilkoplingsavgift som 2023.
Plombering eller opning av plombering blir fakturert etter medgått tid. Oppmøtegebyr for målaravlesing blir fakturert etter medgått tid.
Tilkoplingsavgift blir fakturert når byggeløyvet det blir gitt til nybygg. For eksisterande bygg, campingvogner og bubilar, så vert tilknytingsgebyret fakturert når søknad om tilknyting er godkjent. Årsgebyra ( abonnementet og forbruk ) blir fakturert frå dato for tilkopling til det kommunale leidningsnettet.
Årsavgift for slamtømming
Slamavgift (ekskl. mva) - ingen endring frå 2023 til 2024. Det er ordinær tømming av private slamavskiljarar i 2024.
Tømming på bestilling blir fakturert etter 2024-satsane frå tømmefirma og satsar sett av avfallshandsamar.
Prisliste for tømming på bestilling vil bli annonsert på Bygland kommune si heimeside når tala føreligg januar / februar 2024.
Årsavgift for renovasjon
Renovasjon (ekskl. mva) - 5,5 % auke frå 2023 til 2024
Frå og med 2019 blei det vedteke å harmonere/utvide tilbodet innafor ordninga i tråd med Setesdal Miljø og gjenvinning sin vedtekne avfallsplan frå hausten 2017.
Renovasjonsdunkar - alternativ, tilleggsgebyr til standard
Utgangspunktet for eit standard abonnement ser ein i tabellen ovenfor. For å berekne ekstrakostnadane for større dunkar, så tek ein utgangspunkt i gjennomsnittsleveransen pr. år for ein dunk av standard storleik, pris på tømming av den aktuelle dunkstorleiken og talet tømmingar pr. år.
Dei som idag har større dunkar og betalar for standard abonnement blir orientert med eigne skriv og dei nye gebyra byrjar å laupe 3 månadar etter varslet.
Levering av restavfall til Nesmoen avfallsstasjon 2 gonger pr. mnd er inkludert i gebyret for privatabonnentar. Hushaldningane skal ha abonnement for restavfall, matavfall, papp / papir / plast og glass / metall. Næringsdrivande har avtale direkte mot renovatøren.
Årsavgift for feiing
Feieavgift (ekskl. mva) - 17,6% auke frå 2023 - 2024
Det er ikkje differensiering i pris pr. pipe. Frå og med 2019 har Setesdal brannvesen starta med forskriftsmessig feiing og tilsyn av hytter og fritidsbustadar. Talet piper som skal førast tilsyn og feiing i vil auke.
Ein må betale sjølv om ein berre brukar dusj eller badstoga. Symjehallen er open for ålmenta onsdagar og fredagar frå kl. 17.00–20.00 i perioden fyrste veka etter haustferien, og fram til påske.
Til utleige
Bygland kommune leiger ut mange lokale til både privatpersonar, lag og organisasjonar og private næringsdrivande
Utleige av rom ved Byglandsfjord og Bygland oppvekstsenter
Utlån av klasserom/ kulturscenen/ symjehall på oppvekstsentera for lag og foreiningar tilhøyrande i Bygland kommune er gratis for kurs– og møteverksemd. Det same gjeld for andre offentlege instansar eller anna kommunal verksemd. Ved leige av teknisk utstyr må ein ha godkjent personell til å handtere utstyret. Bygland kommune kan formidle kontaktinformasjon til teknisk personell ved behov for det. Nøklar kvitterast ved tenesteleiarane på oppvekstsentera. Inntekter frå utleiga tilfell ansvarsområda på oppvekstsentera innunder Drift og forvaltning.
Eventuell utleige av kommunale bygg til overnatting krev søknad om bruksendring til Setesdal brannvesen IKS. Pris ved denne type utleige skal dekke ekstrakostnadar kommunen har ved utleiga.
Utleige av Byglandshallen
Det kan ikkje gjerast avtale om leige av hallen utan reinhald. Leigekostnadane er pr. gong. Det kan gjerast særskilde avtalar av kommunedirektør/ordførar dersom det dukkar opp tilfelle som ikkje fell innunder dette oppsettet. T.d. sesongleige.
Utleige av Ose grendehus
Prisane er inkl. reinhald
Pris pr. person ved overnatting: kr. 210.- (sjå under)
Det er vedtekne eigne drifts– og bruksreglar for Ose grendehus, k – styresak nr 30 / 11 den 31.03.2011.
Ved utleige av huset til overnatting i regi av private aktørar kjem pris pr. pers i tillegg til pris i kombinasjon over. Andre ynskje dekkjast ved å kombinere takstane.
Leigesummen inkluderer bruk av kjøkken– og kjøkkenutstyr og sanitære anlegg.
Det skal ikkje krevjast leige for tilskipingar i regi av lag og foreiningar tilhøyrande i Bygland kommune som alle kan vere medlemmer av. Vidare skal det ikkje krevjast leige for t.d. 17 mai feiringar, joletrefestar eller andre arrangement som ikkje har private økonomiske interesser.
Utleige av Lokomotivstallen
Det er vedtekne eigne drifts– og bruksreglar for Lokomotivstallen, k – styresak nr 31 / 11 den 31.03.2011.
Alt reinhald og avfallshandtering etter bruk må utførast av leigetakar. Ved for dårleg reinhald kan leigetakar verte fakturert for kostnad det er påført utleigar.
Det skal ikkje krevjast leige for tilskipingar i regi av lag og foreiningar tilhøyrande i Bygland kommune som alle kan vere medlemmer av. Vidare skal det ikkje krevjast leige for t.d. 17. mai feiringar, joletrefestar eller andre arrangement som ikkje har private økonomiske interesser.
Utleige av Pakkbua
K-styrevedtak nr. 30/22 den 15.06.22 gir: Det blir sett inn tilsvarande drifts- og bruksreglar for Pakkbua som skulehusa i Grendi og Åraksbø. Administrasjonen får i oppgåve om kven som skal ta ansvar for utlevering av nøkkel/kode. Kommunen sitt eige behov til helsefagleg tilbod blir prioritert.
Utleige av Grendi skule
Bruksreglar frå 2011 blei revidert og vedtekne i k-sak 31/22 den 15.06.2022. Dei harmonerar med Åraksbø skulehus sine bruksreglar så langt det er praktisk mogleg.
Utleige av Åraksbø grendehus
Bruksreglar er vedtekne i formannskapet den 18.4.2012, sak nr. 38/12
Husleige i kommunela bustadar og kontorlokale
Ved utflytting og ny utleige av kommunale bustadbygg leggjast fylgjande utleigesatsar til grunn:
Husleiga på inngåtte husleigeavtalar vert auka i samsvar med husleigelova § 4-2 (tilsvarar auke i konsumprisindeksen siste år) med utgangspunkt i desse prisane.
Tilkoplingsavgift for vatnb og kloakk, oppmålingsforretning med tinglysingsgebyr kjem i tillegg.
Eigenandel for kommunal brøyting av private vegar
I k–sak nr 53 / 19 og k–sak nr 65 / 19 blei reglementet for kommunalt vintervedlikehald av private vegar noko endra. Ordninga kan også famne om brukarar som mottek helse- og omsorgstenester som etter vurdering av omsorgsnemnda kvalifiserer for tenesta. Dersom tenesta er tidsavgrensa blir årssummen delt på veketal gjennom året.