Politisk behandling
Kommunestyret behandla saka i møte 13. mars 2025, sak 30/25.
Det politiske behandlinga i råd og utval går fram av protokollen frå kommunestyret si behandling.
Andre relevante politiske behandlingar og vedtak:
Innspel til høyringsforslaget
Fristen for å kome med innspel er 2. mai 2025.
NB! Det er berre endringane i plandokumenta etter 1. gongs høyring det kan gis innspel til.
Det betyr at det som ikkje er endra, ligg fast i tråd med plandokumenta som var på 1. gongs høyring Det er heller ikkje anledning til å kome med innspel til nye formålsområde eller fleire endringar av arealbruk.
Endringane er samanstilt i desse to dokumenta:
Dokumentet «Endringar i plandokumenta til 2. gongs høyring», ligg til grunn for kva det kan gis uttale til. Bruk nr til venstre i tabellen for å spesifisere kva for endring du ønskjer å gi innspel til. I utsnittet under ser du eksempelvis endring nr 16, 17, 18 og 19:

Sjå presentasjon frå kommunestyremøtet (PDF, 2 MB) som forklarer litt om dokumenta og korleis du les dei.
Send inn ditt høyringsinnspel ved å nytte det digitale skjemaet under. NB! Sensitive personopplysningar må ikkje bli oppgitt i skjemaet.
Alternativt kan du sende inn via e-post til post@bygland.kommune.no eller via post til Bygland kommune, Sentrum 18, 4745 Bygland. Merk innspelet med «sak 20/273».
Kva skjer etter at du har kome med innspel?
Etter høyringa vurderer kommunen alle innspela. Da kan planforslaget bli endra, eller gå uendra vidare til politisk behandling, avhengig av kva for innspel som kjem inn.
Alle innspela blir lagt ved planen slik at politikarane kan lese innspela.
Plandokument
Kommuneplanen sin arealdel består av plankart, planføresegner og planomtale som utdjupar arealpolitikken og ser på den samla arealdisponeringa. Konsekvensutgreiinga skildrar konsekvensane av endra arealbruk.
Kartløysing
Digital kartløysing som syner planforslaget, finn de her.
Kva er skilnaden mellom gammal og ny arealdel?
Skilnaden mellom den gamle og den nye arealdelen ser du her