Heimesjukepleie (Open omsorg)

Heimesjukepleien gir hjelp og rettleiing til eldre, sjuke eller personar med funksjonsnedsetting som bur heime

Kven kan få tilbodet?

Alle som bur, eller mellombels oppheld seg i kommunen, og som på grunn av helsesvikt har behov for helsehjelp, kan få vedtak om heimesjukepleie. 

Heimesjukepleie er behovsprøvd og tidsavgrensa. 

Kva kan du få hjelp til?

  • Hjelp med medisinar og medisinske prosedyrar.
  • Ivareta personleg hygiene.
  • Sårstell, urinprøver, blodprøver, injeksjonar eller andre tenester som ikkje kan utførast på ditt lokale legekontor. 
  • Rettleiing i helsespørsmål (til dømes: kreftomsorg, lindrande behandling, demensomsorg, rehabilitering, diabetes)
  • Tilrettelegging av måltidssituasjonen.
  • Rettleiing og opplæring slik at du kan meistre oppgåver på eiga hand (til dømes: velferdsteknologiske løysingar, fylle dosett, augedropar, injeksjonar, støttestrømper, tømme og skifte kateterpose og stomi).

 

Kva kan du forvente av oss?

  • Vi yter tenesta slik det kjem fram i vedtaket, innanfor dei tidsromma vi er einige om og med innhald som er beskrive i vedtaket.
  • Vi utarbeidar ein tiltaksplan som er spesielt tilpassa dine behov
  • Vi yter tenesta med respekt for deg, din livssituasjon og din heim
  • Vi overhelder teieplikta
  • Vi forpliktar oss til å bruke arbeidsantrekk, sko-overtrekk og eventuelt anna utstyr innan påkledning, som arbeidsoppgåvene hos deg krevjar
  • Vi samarbeider med anna helsepersonell dersom dette er naudsynt for å yte forsvarleg helsehjelp. I den forbindelse vil du bli bedt om å gi ditt samtykke
  • Du og dine pårørande opplever å bli ivaretatt og respektert

 

Brukarmedverknad

  • Når du søkjer om tenester frå kommunen vil vi kartlegge dine ynskjer og behov, og ha fokus på kva som er viktig for deg. Du har rett og plikt til å aktivt medverke og ta slutningar i forhold som angår deg. Medverking lar deg få lov til å ha ansvar for eige liv og ta eigne val.

 

Kva forventar vi av deg/dine pårørande?

  • Du møter oss med respekt
  • Du deltar aktivt i behandlingstiltaka og gjer det du kan klare sjølv
  • Du leverer nøkkel til din bustad dersom du ikkje sjølv kan opne
  • Du viser omsyn og røyker ikkje når vi er til stades
  • Du viser omsyn og nyttar ikkje rusmidlar når vi er til stades
  • Du har husdyr på eige rom under besøket
  • Du respekterer at vi er underlagt teieplikt
  • Tilkomst til heimen er rydda for snø og strødd dersom det er glatt
  • Dersom det ligg fremme helsefarlege gjenstandar kan vi ikkje utføre tenester hos deg
  • Det er ikkje akseptert med åtferd som trakassering, vald og trugslar
  • Velferdsteknologi, hjelpemidlar og naudsynt tilrettelegging gjerest i heimen

 

Krav og tilrettelegging

  • Av omsyn til arbeidsmiljøet for dei tilsette, kan det vere behov for å stille som vilkår at heimen blir fysisk tilrettelagt med utstyr og hjelpemidlar

 

Kva inngår ikkje i tenesta?

Det ytes ikkje hjelp til

  • Funksjonar som brukar kan klare sjølv
  • Følgje til innkjøp, offentlege kontor, frisør, fotpleier, lege eller apotek
  • Handtering av pengar, bank- og posttenester
  • Persontransport
  • Snørydding, hagearbeid, vedfyring eller vedbæring
  • Innkjøp av daglegvarer
  • Husdyrhald

Vi er ikkje ansvarleg for drift, bruk eller opplæring av velferdsteknologiske løysingar du/dine pårørande har skaffa.

Slik søker du

  • I søknaden skriv du kva du treng hjelp.

Du brukar felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester for å søke om heimesjukepleie: 

Søk om helse- og omsorgstenester elektronisk

Søk om heimesjukepleie papirskjema (PDF, 175 kB)

Send papirsøknad til:

Bygland kommune
Sentrum 18
4745 Bygland 

Kva kostar det?

  • Heimesjukepleie er gratis. 
  • Dersom du får heimesjukepleie kan du etter tre månader ha rett på gratis tannhelseteneste. 

Korleis blir søknaden behandla og kor lang tid tek det?

  • Det er Omsorgsnemda som behandlar søknaden din.
  • Dei kan ta kontakt med deg for å kartlegg ditt hjelpebehov. Det kan bli nødvendig å avtale eit heimebesøk.
  • Omsorgsnemda sender eit vedtak til deg etter at saka er behandla. Dersom søknaden ikkje kan avgjerast innan tre veker, får du ei skriftleg melding om årsaka. 

Kan du klage på vedtaket?

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på fire veker frå du fekk brevet. Grunngi kvifor du klagar. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren som siste klageinstans.