Avlastingsopphald

Personar som har særleg tyngande omsorgsoppgåver, kan få innvilga avlastingsopphald for personen dei har omsorg for. Målet er å hindre overbelasting hjå den som gir omsorg i det daglege, og sørge for at omsorgsytar får naudsynt fritid og moglegheit til å delta i vanlege samfunnsaktivitetar

Kven kan få avlastingsopphald?

Personar med nedsett funksjonsevne eller kronisk sjukdom kan få avlastingsopphald på sjukeheim for å avlaste pårørande som har den daglege omsorgen.

Korleis søker eg?

Har du behov for avlasting, kan du søke kommunen om avlastingsopphald på sjukeheim for den omsorgstrengande. Søknaden bør vere tydeleg og detaljert når du skriv om behova dine.

Søknadsskjema - Helse- og omsorgstenester