På planleggelitt.no blir alle over 55 år oppmoda til å tenke over fem sentrale spørsmål som kan hjelpe dei å skape ein meiningsfull og aktiv alderdom. Ved å stille desse spørsmåla, kan ein planlegge for eit liv fylt med trivsel, gode relasjonar og ein heim som passar for framtidige behov.
KORT FORTALT
Planleggelitt.no hjelper personar over 55 år med å planlegge alderdommen gjennom fem sentrale spørsmål. Dette inkluderer val om helse, bustad, fritid, sosiale relasjonar og korleis ein vil bu.
Når pensjonisttilværet nærmar seg, er det lett å fokusere på fridomen frå arbeidslivet. Men, for mange, kan denne fasen av livet vare i fleire tiår, og det krev litt planlegging for å sikre at ein opprettheld ein god livskvalitet. Planleggelitt.no hjelper deg med å reflektere over desse fem viktige spørsmåla:
Korleis vil eg føle meg?
God helse er avgjerande for å trivast i alderdommen. Det handlar ikkje bare om fysisk helse, men og mental og følelsesmessig velvære. Korleis kan du sørge for at du har energi og overskot til å nyte livet? Ein aktiv livsstil, sunne rutinar og sosiale aktivitetar er nøkkelelement for å oppretthalde ein god følelse gjennom pensjonisttilværet.
Kva vil eg fylle tida med?
Når du får meir tid til overs, kan det vere lett å miste struktur i kvardagen. Det er difor lurt å tenke gjennom kva som gir deg glede og meining. Vil du bruke meir tid på hobbyar, frivillig arbeid eller kanskje lære noko nytt? Pensjoniståra gir deg mulegheita til å utvikle gamle interesser eller finne nye lidenskapar.
Kven vil eg omgås?
Sosiale relasjonar er ein viktig del av livet, uansett alder. Kven ønskjer du å bruke tida di med? Kanskje du vil knytte tettare band til vener og familie eller delta i nye sosiale fellesskap? Ved å planlegge kven du vil omgås, kan du sikre at du har ein solid sosial sirkel som bidreg til eit rikt og meiningsfullt liv.
Kvar vil eg bu?
Bustaden din har mykje å sei for trivselen din, men det handlar ikkje bare om dei fire veggane. Kven er naboane dine og kva tenester og tilbod finns i nærleiken? Tenk gjennom kvar du vil bu for å ha tilgong til alt det som betyr noko for deg - både sosialt og praktisk.
Korleis vil eg bu?
Nokre ønskjer å bli verande i sin noverande heim, medan andre ser på moglegheita for å flytte. Kanskje ein må tilpasse bustaden for å gjere det enklare å bu heime når ein blir eldre, eller kanskje det freistar meir med ein ny heim tilpassa framtidige behov. Uansett kva du vel, er det viktig å ta avgjerslene i god tid slik at du kan halde fram med å trivast i bustaden din.
Ved å stille desse spørsmåla kan du ta aktive val som sikrar ein god alderdom der du føler deg trykk, aktiv og sosial.
For meir råd og inspirasjon, besøk Planleggelitt.no