Den kulturelle spaserstokken
Den kulturelle spaserstokken er ei nasjonal kultursatsing som har som mål å sørge for profesjonell kunst- og kulturformidling til eldre.
Ordninga legg til rette for samarbeid mellom kultursektoren og omsorgssektoren, slik at det blir kulturelle arrangement lokalt innanfor eit mangfald av sjangrar og uttrykk. Ordninga skal òg bidra til at eldre får eit tilpassa kulturtilbod på arenaer der dei oppheld seg i dagleglivet.
I Bygland legg vi til rette for kulturarrangement- og opplevingar i hovudsak på Byglandsheimen.
Publisert 29.10.2023 16:16
Sist endra 29.10.2023 16:16