Kommunal veg
Søknad om avkøyrsel på kommunal veg blir behandla av kommunen.
Kva tid må du søke?
- Etablering av ny veg
- Flytting av eksisterande avkøyrsel
- Når bruken av eksisterande avkøyrsel blir vesentleg endra, til dømes med fleire bygg
Om eigedommen blir omfatta av ein reguleringsplan som skildrar avkøyrslen i detalj, er det ikkje nødvendig å søke om løyve.
Slik søker du
Send ein kort beskrivelse og søknad til Bygland kommune på e-post: post@bygland.kommune.no'
Dokumentasjon til søknaden
- Situasjonskart som viser avkøyrsle, eigedom (bygg) og kommunal veg.
Målestokk 1:1000 eller 1:500
- Grunngjeving for søknaden og andre opplysningar du meiner kan vere viktige
- Beskrivelse av avkøyrsla
Behandling av søknadar
Det er ønskjeleg å avgrense talet på avkøyrsler, ikkje minst ut frå trafikksikkerheitsomsyn.
Utgangspunktet for behandling av søknadar er:
- Hovudveg: Transportveg mellom område og bydelar. Avkøyrsel bør bli unngått
- Samleveg: Forbindelsesveg innanfor område og bydelar, samt mellom tilkomstvegar og hovudveg. Avkøyrsler blir tillatt i eit avgrensa omfang.
- Tilkomstveg: Bustadgater/vegar der det er lett å få avkøyringsløyve. I utgangspunktet skal det kun vere ei avkøyrsle per eigedom. Om der er moglegheit for felles avkøyrsle, er det ein fordel.
Riks- og fylkesveg
Søknad om avkøyrsel på riks- og fylkesvegar blir behandla av Statens vegvesen. Det er dei som har ansvar for desse vegane.
Søk om avkøyrsel
Vurdering av søknadar
Søknad om avkøyrsel blir vurdert med utgangspunkt i trafikksikkerheit og vegen sin funksjon (kva den skal brukast til). I regulerte område blir ein avkøyrselsøknad behandla som mindre vesentleg reguleringsendring. I uregulerte område blir avkøyrselsøknaden behandla etter Vegloven §40.
Statens vegvesen si Håndbok N100 inneheld reglar for vegar som bør vere avkøyrselfrie og vegar som kan ha avkøyrsler.