Søknad om utsleppsløyve for bransjen

Vedtaket frå kommunen omfattar både løyve til å forureine etter forurensingsloven, og løyve til å bygge avløpsanlegg etter plan- og bygningsloven. Det betyr at du må søke om både utsleppsløyve i høve forureiningsforskriften og løyve til å etablere avløpsanlegg i høve til plan- og bygningsloven.

Om søknadsprosessen

Løyva blir gitt i ein og samme prosess av kommunen. Bygging av avløpsanlegget kan ikkje starte før utsleppsløyve er gitt. Nybygging av hus/hytter krev utsleppsløyve før byggesaka blir behandla. Ferdigattest på hus/hytte blir først gitt etter at ferdigattest på tilhøyrande avløpsanlegg er gitt.

I lista over finn du informasjon om søknadsprosessen og kven som er ansvarleg for dei enkelte oppgåvene.

  • Bygging av private avløpsanlegg er søknadspliktig og det er krav om ansvarleg føretak jamfør plan- og bygningsloven §§ 20-2 og 20-3.
  • Eigar er tiltakshavar i prosjektet og er ansvarleg for at tiltaket blir utført i samsvar med bestemmelsane i plan- og bygningsloven. I og med at bygging av avløpsanlegg skal bli utført at ansvarleg føretak, pliktar tiltakshavar å vidareføre sitt ansvar til ansvarleg føretak jamfør plan- og bygningsloven §23-1
  • Eigar er ansvarleg for utsleppet (forureininga) jamfør forurensingsloven §7
  • Ansvarleg søkjar har ansvaret for koordinering ovafor kommunen, medan fagansvaret ligg hjå dei prosjekterande, utførande og kontrollerande.
  • Tiltaket skal bli inndelt i rett tiltaksklasse basert på kompleksitet, vanskegrad og moglege konsekvecnsar manglar og feil kan få for helse, miljø og sikkerheit. Oppgåver knytta til tiltaket kan blir plassert i ulik tiltaksklasse for den enkelte funksjon og fagområde. Kommunen godkjenner tiltaksklassar etter forslag frå ansvarleg søkar.
  • Kommunen krev at det først skal utgreiast om infiltrasjon i grunnen kan fungere som ei løysing. Dette kjem an på tilhøva i grunnen, og vi set difor krav til at prosjekteringa skal bli utført av fagkunning på området. Om ikkje eit tradisjonelt infiltrasjonsanlegg er mogleg, kan andre løysingar bli akseptert. Dette er det prosjekterande som skal finne ut av, i samsvar med kommunen sine gjeldande reglar og retningsliner.

Rettleiing til prosjekterande, utførande og kontrollerande av mindre avløpsanlegg