Kommuneplanen

Kommuneplanen sin samfunnsdel

Kommuneplanen sin samfunnsdel blei vedteken av kommunestyret 14. mai 2020. Planen er for perioden 2020 – 2032. Samfunnsdelen seier noko om korleis kommunen skal utvikle seg, og er det overordna styringsverktøyet for kommunen.

Hovudmål

Bygland kommune skal vere ein god stad å leve og virke gjennom

  • å vere attraktiv for dei som bur her og for nye som vil flytte til
  • å legge til rette for nye arbeidsplassar og trygge dei eksisterande
  • å ha gode vilkår for læring heile livet
  • å utvikle og satse på eigne ressursar, eigenart og kvalitetar
  • å ha gode vegar og god digital infrastruktur

Sjå kommuneplanen sin samfunnsdel 2020 - 2032 (PDF, 4 MB)

 

Kommuneplanen sin arealdel

Kommuneplanen sin arealdel bestemmer kva vi skal bruke dei ulike areala i kommunen til.

Planen samordnar viktige behov for vern og utbygging på eit overordna nivå, og gir føresegner og retningsliner for konkrete utbyggingstiltak og detaljplanar.

Du kan søke opp eigedommen din, og finne informasjon om kommuneplanen sin arealdel i kartløysinga vår.

Via planregisteret finn du også føresegner, planomtale og heile plankartet.