Offentleg ettersyn: Årsbudsjett 2026 og handlings- og økonomiplan 2026-2029

27. november handsama formannskapet kommunedirektøren sitt forslag til budsjett for 2026 og handlings- og økonomiplan for 2026 til 2029 og la dette ut til offentleg ettersyn. Budsjettendringane følger i protokollen frå møtet, som er lagt ved denne saka.

Kommunedirektøren sitt forslag kan du lese her: 

Årsbudsjett 2026 og handlings- og økonomiplan 2026-2029

Kommunedirektøren sitt forslag til prisliste for 2026 kan du lese her:

Prisliste 2026

Protokoll frå formannskapsmøtet finn du her:

Møteprotokoll formannskapet 27.11.25 (PDF, 285 kB)

Formannskapet si handsaming

Det blei ikkje vedteke endringar i driftsbudsjettet, men det blei lagt inn kr 350.000 pluss mva. i investeringsbudsjettet til oppgradering av Austad kyrkje på Tveit. I tillegg blei det vedteke fleire verbalforslag som ikkje har økonomiske konsekvensar på noverande tidspunkt. Desse kan du lese i møteprotokollen ovanfor.

Innspel

Har du innspel, kan du sende desse til post@bygland.kommune.no eller per post til Bygland kommune, Sentrum 18, 4745 Bygland, innan onsdag 10. desember.