Med tanke på framtidig omregulering av areal, er det ønskjeleg å synleggjere moglegheitsrommet og tålegrenser for utvikling gjennom mulighetsstudien.
Moglegheitsstudien er utarbeidd i tett samarbeid med Agder fylkeskommune. Tidlegare medverknadsprosessar og idedugnadar dannar grunnlag for arbeidet.
Her kan vi nemne:
• Folkemøte og innbyggarundersøkingar
• Prosjektet: Det gode livet rundt Byglandsfjorden - med workshops
Moglegheitsstudien vil bli presentert i ope møte på Byglandsfjord. Informasjon om stad og tid kjem om ikkje lenge. Sjå gjerne gjennom studien, så blir det rom for å stille spørsmål og kome med innspel i møtet.
Moglegheitsstudie for Byglandsfjord sentrum (PDF, 46 MB)