Bygland kommune har busett ca. 50 flyktningar i 2022 og 2023. I 2024 kjem det kanskje fleire.
Mange av desse er vaksne som deltek i introduksjonsprogrammet med mål om å få arbeid eller utdanning, og vi treng nye praksisplassar i tida framover.
Ved å gje ein flyktning ein sjanse til å lære om arbeidslivet og trene på å snakke norsk gjer arbeidsplassen din ein viktig jobb for integrering.
Deltakarane som er i språkpraksis har rett på introduksjonsstønad. Det vil seie at det er kommunen som betalar «lønn» mens deltakarane er i språkpraksis.
Kvifor skal du tilby språkpraksis?
- Deltakar i praksis kan bidra med arbeidskraft i bedrifta.
- Det gjev bedrifta di moglegheit til å rekruttere.
- Dykk bidreg til fleire i jobb og eit sosialt berekraftig samfunn.
Kva forpliktar bedrifta seg til?
- Inkludere deltakaren fagleg og sosialt på arbeidsplassen.
- Motivere deltakar til å lære om norsk arbeidsliv og snakke norsk
- Ha ein medarbeidar som hjelper deltakar på arbeidsplassen
- Gje deltakaren ein referanse til hjelp ved framtidige jobbsøk
Vil du tilby praksisplass til flyktningar?
Du kan ringe 950 41 185 ELLER sende ein e-post til: gro.tove.sandnes@bygland.kommune.no