Vevstol frå yngre jernalderen i vikingutstilling på Bygland

Vikingutstillinga på Bygland har fått nytt utstillingsstykke; ein vevstol frå yngre jernalderen!

Joel Hermansen frå Vestfold museum og Kari Helland frå Kari Mathistoriske Tjeneste Bygland kommune

Lislefarmen 2025 på Bygland hadde vikingane som tema. Bygland husflidslag samarbeida med Kunsthistorisk museum i Oslo og inviterte til fleire vikingaktiviteter i årestoga til Bygland museum den dagen. 

Hovudattraksjonen var ein gamal vevstol frå yngre jernalderen (fra 550 evt. til cirka 1050 evt) som blei brukt heilt fram til vikingalderen. Joel Hermansen frå Vestfold museum og Kari Helland frå Kari Mathistoriske Tjeneste sette opp vevstolen slik at gjestene på Lislefarmen kunne sette seg inn i gamal vevkunst. Etterpå flytta Joel og Kari vevstolen til vikingutstillinga i Bygland bibliotek, der ein kan sjå den når biblioteket held open.

Vikingutstillinga i Bygland

Opna i 2024 i det nye biblioteket og kulturminnesenteret i Sentrumsbygget, Bygland. Utstillinga viser funn frå vikinggraver på Neset og Frøysnes, og inkluderer originale gjenstandar som sverd, smykke og spinnehjul – mange av dei utlånt frå Kulturhistorisk museum i Oslo.

Vikingutstillinga på Bygland Bygland kommune

Utstillinga er ein del av eit større samarbeid mellom Bygland kommune, Kulturhistorisk museum, Agder fylkeskommune og Kuben museum og arkiv, og markerer starten på Bygland si satsing som formidlingssenter for vikingtida i Setesdal.

Bygland Bibliotek, Sentrum 16, 4745 Bygland 
Bibliotekar: Mari Rugg, tlf.  945 22 025

  • måndagar kl. 10.00 - 14.00
  • onsdagar kl. 10.00 - 16.30
  • torsdagar kl. 09.00 -12.30 og 14.30 - 17.30