Vaksinasjonsprogrammet for vaksne: Vaksinasjon hausten 2025

Evje og Hornnes og Bygland kommunar følgjer råda styresmaktene har til vaksenvaksinasjonsprogram. 

Denne hausten kan du som er tilrådd å ta influensa-, korona- og/eller pneumokokkvaksine, ta desse samtidig, om du ønskjer. Det blir vaksinasjon på Evje og på Bygland i veke 43. 

Hugs å bestille time i forkant, anten via Helsenorge.no eller ved å ringje vaksinetelefonen på tlf. 901 17 848, i veke 41 og 42.

nettsida til Evje og Hornnes kommune får du informasjon om vaksenvaksinasjonsprogrammet:

  • Kven blir tilrådd å ta vaksine?
  • Slik bestiller du time
  • Kvar og når kan du få vaksinane? 
  • Kva kostar vaksinane?
  • Kva er vaksenvaksinasjonsprogrammet?

 

Vaksenvaksinasjonsprogrammet: Vaksinasjon hausten 2025

Har du spørsmål?

Evje og Bygland legesenter - Hovudnummer

Telefon: 37 40 79 00