Rundkøyringa på Byglandsfjord
Bygland kommune og Johannes Hansen
Dampbåten Bjoren byrja sine ferder på Byglandsfjorden i 1867. Frå 1896 fekk også Setesdalsbanen endestasjon på Byglandsfjord. Desse satsingane la grunnlaget for vekst og utvikling i bygda, og endra transport, handel og industri i Setesdal på ein gjennomgripande måte.
Installasjonen i rundkøyringa, som består av eit anker og eit jernbanehjul, er eit symbol på denne historia. Denne veka har Gunnar Haugå og Svenn Uleberg frå uteseksjonen lagt siste hand på verket. Gunnar Andersen var med i prosjektet i starten. Og no har me avslutta eit svært vellukka prosjekt.
Statens vegvesen, ved byggeleiar Torgeir Hodne, har teke ansvar for og kostnad av trafikksikkerheitsarbeid slik at arbeidet vart utført på ein trygg måte.
Bygland kommune set stor pris på at Vegvesenet ser verdien av forskjøning langs riksvegen som går gjennom kommunen vår.